Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Bull

Johannes Catharinus Bull, ingeniør og industrileiar, som helst skreiv engelsk eller landsmål, og som var ein viktig økonomisk hjelpar for mange nynorske aviser.

Bull blei fødd i Tønsberg 15. november 1859 og døydde 6. april 1912. Etter andreeksamen i Kristiania arbeidde han som ingeniør i London frå 1884. Der skipa han i 1901 sin eigen propellfabrikk som han etter kort tid flytta til Glasgow. Bull utvikla mykje brukte skipspropellar som sikra hans eigen økonomi.
 
Bull talte varmt for Den norske Amerikalinje og var dessutan med og fekk i gang speidarrørsla i Noreg. Utanom engelsk skreiv han helst landsmål, og pengane hans kom godt med i mange måltiltak, blant anna avisene Den 17de Mai, Gula Tidend og Spegjelen.
 
Bull gav mellom anna ut småskriftene Norsk vatskraft og bonden (1911) og Maal-taktik (1911).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 26.05.2017