Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø, skiskyttar frå Stryn. Med eit OL-gull, tre VM-gull og 22 verdscupsigrar (per 29.10.2018) er Johannes Thingnes Bø ein av dei mestvinnande skiskyttarane gjennom tidene.

Johannes Thingnes Bø er fødd 16. mai 1993 i Stryn og bur no i Oslo. Thingnes Bø gjekk på skiskyttarlinja ved Stryn vidaregåande skule i 2009–12. I 2010 tok han ein sterk 10.‑plass på sprinten under senior-NM i skiskyting, den beste plasseringa ein 17-åring har oppnådd gjennom tidene. Saman med storebror Tarjei Bø går han for Markane IL.

Verdscup og meisterskap

Etter mange gode resultat som junior vart Thingnes Bø teken ut på seniorlandslaget før 2012/13-sesongen. Gjennombrotet kom sesongen etter, med fem verdscupsigrar. Han enda til slutt på tredjeplass samanlagt i verdscupen.

I VM i Kontiolahti i 2015 tok Thingnes Bø gull i sitt aller første senior-VM, etter siger på sprintdistansen. Og under VM i Holmenkollen i 2016 følgde han opp med gull på både fellesstart og stafett. Til saman har Thingnes Bø tre gull, fire sølv og to bronse frå VM.

Før OL i Pyeongchang i 2018 var Thingnes Bø ein av dei store førehandsfavorittane, etter åtte verdscupsigrar inn mot meisterskapen. Det enda med gull på normaldistansen og sølv på stafett og mixed-stafett. Han enda til slutt på ein andreplass i verdscupen samanlagt dette året, bak franskmannen Martin Fourcade.

I 2012 vart Johannes Thingnes Bø tildelt Karolineprisen, ein pris som går til store talent på nasjonalt plan innanfor idrett og kulturliv.

Video: Johannes Thingnes Bø vert verdsmeister i fellesstart, 15 km, i Holmenkollen 2016. Kjelde: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn på Vimeo.com. Brukt med løyve for Allkunne.


Kjelder

«Boe, Johannes Thingnes», utøvarprofil, biathlon.comhttp://www.biathlon.com.ua/profile.php?id=3248&lang=eng [lesedato 29.1.2018]

«Boe, Johannes Thingnes», resultatliste, biathlonresults.comhttp://biathlonresults.com/?view=bios_search [lesedato 29.1.2018]

Bjørnar Hjellen og Hans Henrik Løken: «– Tarjei vil nok få et ekstra ‘kick’», NRK Sport, oppdatert 24.4.2012: https://www.nrk.no/sport/ny-bo-pa-skiskytterlandslaget-1.8095659 [lesedato 29.1.2018]

Kjell Arvid Stølen: «Tarjei Bø», Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane på allkunne.no, oppdatert 14.3.2016: https://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/kjende-personar/johannes-thingnes-bo/1898/82974/ [lesedato 29.1.2018]


Sist oppdatert: 14.03.2019