Joseph Beuys
Joseph Beuys [båjs], 1921–86, var tysk bilethoggar, objektkunstnar, performancekunstnar og kunstteoretikar.
Beuys var ein tonegivande avantgardist og ein provoserande og idealistisk kunstnar. Han var politisk og var med på å stifte partiet Dei grøne og å kjempe for studentdemokrati. I skulpturarbeida sine brukte han ofte filt og feitt. Beuys verka som professor ved akademiet i Düsseldorf i 1961–72.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 28.09.2016