Hopp til innhold
X
Innhald

Julius Baumann

Julius Baumann, forfattar, foreiningsmann og folketalar som var ein svært viktig kulturpersonlegdom blant norske utvandrarar i USA og Canada.

Julius Berg Baumann var fødd i Kiby ved Varangerfjorden i Finnmark 25. desember 1870 og døydde i Carlton, Minnesota, 3. oktober 1923. Etter to år på amtsskule i Vadsø arbeidde han som fiskar og kjøpmann, før han emigrerte til USA i 1891. Til kring 1901 budde han i Wisconsin, resten av livet i Carlton, Minnesota. Han tok tilfeldige jobbar som baud seg, til han i 1911 fekk stilling som bokførar i Carlton. Den stillinga hadde han til han døydde.

 

Baumann synte seg fort som ein leiartype. Han samla ungdom til samankomstar og lærte dei song og musikk og talekunst. Han var ein etterspurd foredragshaldar og kjend for å tale utan manuskript. Ei av fanesakene hans var fråhaldsrørsla, og han var med på å stifte ei rekkje godtemplarforeiningar. I Minnesota var han aktiv i Nordlandslaget og ivra for at det skulle gi ut sitt eige tidsskrift. Det kom i 1911, med Baumann som redaktør frå 1913 til 1923.

 

Han byrja å skrive songar og hyllingsdikt til foreiningane han var med i, og i 1896 stod det første diktet på trykk i Skandinaven. I 1909 kom diktsamlinga Digte, i 1915 Paa vidderne. Nye digte og i 1924 Samlede Digte. Språket til Baumann var dels riksmål, dels dialekt, og nokre dikt var på nynorsk. Temaa krinsa om livet i det nye landet og saknet av det gamle. Målet var at nordmenn skulle kjenne seg att i poesien, og kjenne seg heime i USA. Mange av dikta er omsette til andre språk.

 

I Vadsø har han fått ei gate oppkalla etter seg.

 

Kjelder

Asbjørn Eidnes: «Julius B. Baumann – norskamerikanar og nordlandspoet». Håløygminne nr. 4, 1981

Marit Martinsen: Fembøringen på prærien. Nordlandslaget af Amerika 1908–1945. Hovudfagsoppgåve, Universitetet i Tromsø 2003

Biografiske opplysningar om Baumann i Samlede digte , Minneapolis 1924

 

John Heitmann: «Julius B. Baumann. A Biographical Sketch», Norwegian-American Studies and Records 15 (1949), naha.stolaf.edu: http://www.naha.stolaf.edu/pubs/nas/volume15/vol15_7.htm [lesedato 2.9.2017]

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 11.04.2018