Hopp til innhold
X
Innhald

Kai Martin Brekke

Kai Martin Brekke er journalist og har skrive tre kriminalromanar med handlinga lagd til Indre Sogn.

Kai Martin Brekke er fødd 6. mai 1958 i Flåm i Sogn og bur no i Leikanger. Han tok eksamen ved Hallingdal gymnas på Gol i 1978 og gjekk lærarskulen i Sogndal i åra 1981–84. Frå 1984 til 1988 var han lærar i Kyrkjebø i Sogn. Frå 1988 var han journalist i Sogn Dagblad, der han var fram til 1992. Så vart det ein kort periode i Sogningen/Sogn Avis, før han i 1993 vart tilsett i den nyskipa Sogn Avis, der han framleis er journalist.

Brekke debuterte som forfattar med Nattergal i 2006, ein kriminalroman som vart følgd opp av Dødeleg arv (2008) og Kald finale (2011). Hovudpersonen i serien er Mikkel Holo, lensmann i Aurland. Handlingane i dei tre bøkene er alle lagde til indre Sogn, med turistbygda Flåm i sentrum. Eit fellestrekk ved romanane er at hendingane i notid heng saman med brotsverk og handlingar i fortida, som Holo må nøste opp i for å oppklare nokså bestialske drap i samtida. Romanane gir også glimt frå og kommentarar til samfunnsutvikling og bygdeliv i sognebygdene der handlinga går føre seg.

I 2016 debuterte Brekke som songar og musikar med CD-en Tid, der han sjølv har laga alle tekstane og melodiane.

 

Kjelder

Telefonsamtale med Kai Martin Brekke 8.1.2019

E‑post frå Kai Martin Brekke 11.1.2019

 

Peikarar

Forfattarside om Kai Martin Brekke på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no


Sist oppdatert: 14.08.2019