Hopp til innhold

Kåre Bjørgen

Kåre Bjørgen, lyrikar, skreiv dikt i nasjonalromantisk tradisjon. Han hadde sin poetisk mest produktive periode under krigen og fekk ettermælet farga av at han var aktiv i Nasjonal Samling.

Kåre Emanuel Bjørgen var fødd i Ringebu i Oppland 17. november 1896. Han døydde 16. oktober 1974 og er gravlagd i heimbygda. I tenåra reiste han til Oslo og gjekk underoffiserskule og gymnas. På fritida laga han revy og songtekstar til Bondeungdomslaget, og i 1920 var han med på å stifte Gudbrandsdalslaget. Etter nokre år i hovudstaden flytta han til Sarpsborg og fekk stilling som tollar.

 

Dei første dikta hans dukka opp i det nasjonalsosialistiske tidsskriftet Ragnarok på trettitalet, men bokdebuten kom med I Noregs namn (1940). Det var den første av fire store diktsamlingar. Alt som gutunge hadde han fått sansen for norsk språk og historie, og for lyrikken til Olav Aukrust og Jørgen Moe. I Eld og blod (1941) er begeistringa for det norrøne samfunnet ein leietråd, samtidig som han utvidar den urnorske kulturen til ein germansk fellesskap. I Storm og stille (1942) er motiva naturskildringar og bondeliv. Interessa for det norrøne kjem òg til uttrykk i skrivemåten, som er ei blanding av gamalmodig nynorsk og dialekt. Tematikken hos Bjørgen, som hos motstandsdiktarane, krinsar om land og folk og nasjonale verdiar, meisla i klangfulle vers.

 

Bjørgen var medlem av Nasjonal Samling frå 1933. Under krigen var han NS sin krinsleiar i Halden og propagandasjef i Østfold, og for dette vart han i 1948 dømd til tre års tvangsarbeid, frådømt yrket sitt og fekk publikasjonsforbod. Resten av yrkeslivet arbeidde han som forpaktar på gardar rundt om på Austlandet. Han heldt fram med å skrive, men utan å gi ut noko. Då han døydde, lét han etter seg både dikt, historiske romanar og eventyrsamlingar.

 

Kjelder

Telefonsamtalar med Ivar A. Bjørgen 19.10. og 10.11.2017

 

Ivar A. Bjørgen: «Dikter og døl», Hemgrenda. Ringebu Historielag 1996

 

Kristian Aurebekk Andersen: «Ein norrøn vår». Norsk nasjonalsosialistisk lyrikk 1940–1945. Masteroppgåve, Bergen 2009, uib.no: http://bora.uib.no/handle/1956/880/discover?field=author&filtertype=author&filter_relational_operator=equals&filter=Andersen%2C+Kristian+Aurebekk [lesedato 17.9.2017]

Walid al-Kubasi: «Antihumanismen i den norske poesien», intervju med Håvard Rem i Dag og Tid 13.9.2003, old.dagogtid.no: http://old.dagogtid.no/arkiv/2003/37/rem/ [lesedato 17.9.2017]

Øystein Sørensen: «Bjørgen, Kåre», i Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk Krigsleksikon 1940–45. Oslo 1995. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/e036c01828538f45e76000a61706dbf4?index=1#45 [lesedato 10.9.2017]

 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 04.05.2018