Hopp til innhold
X
Innhald

Karen Kristine Bruun

Karen Kristine (Kaja) Bruun, ungdomslags- og målkvinne. I 1921 blei ho som første kvinne vald inn i styret i Noregs Ungdomslag.
Bruun, fødd Poppe, blei fødd i Nesbyen 22. mai 1873 og døydde 15. november 1957. Ho gifta seg med dokter Bruun og budde som vaksen i Hallingdal.
 
Bruun var ein omtykt foredragshaldar både i ungdomslag og husmorlag, og ho førte ein vittig penn i mange av stykka sine. Ho var formann i Fram ungdomslag i Ål 1909–26 og i det lokale mållaget i sju år. I 1921 blei ho som første kvinne vald inn i styret i Noregs Ungdomslag, men der sat ho i berre eitt år. Seinare la ho ned eit stort arbeid i Norges Husmorforbund.
 
Vinteren 1940 fekk ho i gang ei kronerulling lokalt for ammunisjon til unge menn som ville lære å skyte.
 
Kjelder
Eli Bjørhusdal: Målkvinner før 1900. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 12. Volda 2001
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 09.02.2010