Hopp til innhold

Kari Bakke

Kari Kristina Lenvik Frydenlund Bakke, gründer, petitskribent og lyrikar, som skreiv på sognemål i delar av forfattarskapen sin.

Kari Bakke var fødd 21. oktober 1908 i Borgund i Sogn og døydde i 1998. Etter framhaldsskulen gjekk ho på folkehøgskule i Sogndal i eit år og på handelsskule i Bergen i eit halvt år. Deretter utdanna ho seg ved Statens kurs for stortingsstenografar i Oslo. Ho etablerte eige firma saman med to andre kvinner og arbeidde som stenograf før ho flytte til Hønefoss i 1935. Bakke var spaltist i Dagbladet frå 1960 og skreiv petitdikt under merket «Gråspurven» i drygt ti år. Frå 1966 var ho forfattar på heiltid.
Bakke debuterte med diktsamlinga Finnes du? i 1959. Ho gav ut i alt seks bøker. I Gråspurven (1974) presenterte ho tekstar der dei fleste tidlegare hadde vore prenta i Dagbladet. Einar Økland tok initiativ til og skreiv forord til samlinga. Både sentrallyrikk og politisk radikale dikt kom frå Bakkes penn. Mange av tekstane er tydeleg feministiske og tematiserer trivielt kvinneliv og kvinnearbeid i fortid og samtid. Språket er konkret og kvardagsleg. Bakke nytta begge målformene, men skreiv helst på nynorsk og si eiga dialekt.
Det siste arbeidet var ei samling dikt og forteljingar på lærdalsmål med tittelen Fetang. Mennesje so mærkte me (1984). Nokre av tekstane har fått melodi av Tone Ringen. Boka har etterord av Andreas Bjørkum, der han kommenterer Bakkes bruk av lærdalsmålet. Ho er elles representert med eit titals dikt i boka Dikting og diktarar frå Sogn, redigert av Bjørkum og Jarle Bondevik. Nokre dikt av Bakke er også komne med i antologiar for barn.
Bakke fekk fleire stipend og hadde studieopphald i Danmark, Sverige og Nord-Afrika. Frå 1973 fekk ho Statens faste stipend for eldre fortente kunstnarar. I 1980 vann ho førsteprisen i ei dialekttevling i Sogn Mållag.
Kjelder
Kari Bakke: Gråspurven. Oslo 1974
Kari Bakke: Fetang. Mennesje so mærkte me. Sogn Mållag 1984
Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn. Førde 1978
Kari Hervold Fjeldstad: Vinge og jord. En studie i Kari Bakkes dikt. Hovudfagsoppgåve i nordisk, Universitetet i Oslo 1975
Einar Økland: «Forord» i Kari Bakke: Gråspurven. Oslo 1974

Først publisert: 03.06.2013
Sist oppdatert: 11.04.2018