Hopp til innhold

Kari Bjørke

Kari Bjørke, jurist og målkvinne. Ho vart i 1993 den første daglege leiaren i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Bjørke er fødd på Voss 20. mai 1961. Ho gjekk ut frå Voss gymnas i 1980, og var i 1987 ferdig utdanna jurist ved Universitetet i Bergen. Frå 1987 til 1993 var ho sakshandsamar i Kommunal- og arbeidsdepartementet. I 1993 vart ho tilsett som den første daglege leiaren i LNK. Der arbeidde ho i fire år, og la med det eit godt grunnlag for det vidare arbeidet i denne organisasjonen. Mellom 1997 og 2011 var ho knytt til Nærings- og handelsdepartementet, frå 1998 som underdirektør. Ho hadde permisjon frå denne stillinga i to år frå 2008, då ho arbeidde som nasjonal ekspert ved Europakommisjonen i Brussel. Frå 2011 har ho vore tilsett som seniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet.
Bjørke har hatt fleire verv i målrørsla. Ho var sekretær for Ivar Aasen-stiftinga, no Nynorsk kultursentrum, 1993–97. Ho var deretter styremedlem i Nynorsk kultursentrum 1998–2006, dei fire siste åra som styreleiar. I Litteraturselskapet Det Norske Samlaget var ho styremedlem 2006–2008, og ho var styreleiar same stad frå 2010–2012. I perioden 2011–2012 var ho styreleiar i Allkunne. Frå 2012 er ho styreleiar i Stiftinga Det Norske Samlaget.
I 2013 fekk Bjørke Målprisen frå Juristmållaget.
Kjelder
CV Kari Bjørke, kopi frå Bjørke 24.1.2011
Peikarar

Først publisert: 12.08.2011
Sist oppdatert: 17.04.2018