Hopp til innhold
X
Innhald

Karin Bang

Karin Bang, fødd i 1928, er forfattar og omsetjar. Ho har mellom anna gitt ut Glemte vinger (1951), Thomas og Benedicte (1961), Seilersberget (1966), syklusen Arv og gjeld (1973–79) og Fugl blå (1975), Ingebjørg (1980). Bang har skrive diktsamlingar, mellom andre Auksjonskatalogen (1963) og Kort opphold (1972), og syklusen Jutøy (1978 og 1981), Av bokormenes liv (1985) og Katten på Sjørøverøya (1994). Ho fekk Riksmålsforbundets litteraturpris i 1966 og Aschehougprisen i 1976.

I 1994 fekk Bang Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for Katten på sjørøverøya saman med illustratør Per Dybvig.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 21.04.2016