Karl Bjørset
Karl Even Bjørset, lærar og dialektforskar. Han studerte dialektar i Gudbrandsdalen og i Numedal i åra rundt 1900.
Karl Bjørset var fødd i Bergen 11. august 1854 og døydde 9. juni 1912. Han vart student 17 år gamal, tok andrekesamen ved universitetet i Kristiania i 1872 og lærareksamen ved universitetet i 1877. Dei første åra var han lærar i Bergen, i perioden 1886–90 adjunkt i Molde, så klasselærar eit år i Trondheim, og frå januar 1891 adjunkt ved Drammens skole, der han var overlærar frå 1910.
Bjørset skreiv lærebøker i norsk og tysk. Han var oppteken av utviklinga av det norske språket og gav i 1911 ut Riksmaalets fornorsking. Nogen vink. I Bergens-åra var han konsertmeldar i Bergens Aftenblad og Bergensposten, og seinare gav han ut tolv songar med arrangement for piano.
Kjelder
Gudmund Harildstad, e-post 31.10 2013
Karl Bjørset: Riksmålets fornorsking. Nogen vink. Kristiania 1911
Karl Bjørset: Øier-målets lyd- og formlære. Drammen 1910
Studenterne fra 1871. Kristiania 1896
Studenterne fra 1871. Kristiania 1921
Dødsannonse i Aftenposten 12.6.1912, tilgjengeleg i NB digital: http://www.nb.no/nbsok/nb/68f420084a806752a36b17e83122c1b4?index=2 [lesedato 30.9.2015]
Sist oppdatert: 01.10.2015