Faktaboks

Kirsten Bråten Berg

Kirsten Marie Bråten Berg

Fødd
7. januar 1950, Arendal, Agder
Verke
Sylvsmed og folkemusikar
Familie

Foreldre: Ingeniør Olav T. Bråten (1919–82) og Kjellfrida Adelheid («Lillemor») Lied (1919–).

Gift 2.9.1977 med bonde Bjørgulv N. Berg (26.9.1950–), son til bonde Niklos B. Berg (1916–2004) og Sigrid Hovet (1926–).

KIrsten Bråten Berg
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kirsten Bråten Berg er folkemusikar, visesongar og sølvsmed. Ho er mellom dei mest kjende og framståande kvedarane i Noreg i dag og har nådd eit stort publikum, særleg gjennom samarbeid med musikarar frå andre musikktradisjonar.

Bakgrunn

Kirsten Marie Bråten Berg er fødd i Arendal i Aust-Agder (no Agder) og er utdanna sølvsmed, med sveinebrev sidan 1976 og meisterbrev sidan 1986. Ho byrja i dei tidlege tenåra å tileigne seg folkemusikktradisjonen frå Setesdal, og i 1970-åra vart ho sentral i kvedarmiljøet rundt Club 7 i Oslo.

Kvedar og visesongar

Som kvedar har Berg særleg bore vidare tradisjonane etter Gro Heddi Brokke og Svein Hovden (Tveiten). Songstilen hennar er også påverka av felemusikken frå Setesdal. Sjølv karakteriserer ho si eiga stemme som relativt låg, nær taleleiet. Ho er oppteken av den estetiske dimensjonen i tonedanninga når ho framfører stev og folkeviser, eit stoff der songarar tradisjonelt gjerne har lagt mest vekt på å formidle det tekstlege innhaldet. Saman med folkemusikarane Hallvard T. Bjørgum, Tellef Kvifte, Gunnar Stubseid og Hildur Øygarden danna Berg gruppa Slinkombas, som gav ut to plater (1979 og 1982).

Berg har likevel ikkje bakgrunn berre som folkemusikar, men òg som visesongar. På den første soloplata si, Kirsten Bråten Berg (1980), hadde ho sett saman eit repertoar av nyare viser kombinert med folkemusikalske innslag. Denne blandinga av moderne visemateriale og tradisjonsstoff er ført vidare på Syng du mi røyst (2001). Samstundes bruker Berg gjerne ornamentering og frasering frå folkemusikken også når ho framfører ikkje-tradisjonell musikk. Dette kan ein mellom anna høyre når ho syng norske versjonar av Leonard Cohen-songane «Bird on a Wire» og «So Long Marianne» på plata Cohen på norsk (1993). Berg har hatt omfattande turnear, ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt.

Ein grensekryssande musikar

Berg har frå tidleg av vore ein nyskapande og grensekryssande musikar. På dei to Slinkombas-platene var tradisjonsmaterialet arrangert, noko få hadde prøvd tidlegare i norsk samanheng. Vokale stykke (stev, viser) vart her akkompagnerte av to hardingfeler og fløyte. Slinkombas-prosjektet var såleis eit døme på det vi ofte kallar «nytradisjonalisme». Berg har sidan gjort stor bruk av nyskrivne akkompagnement på plateinnspelingar av folkemusikkrepertoar, slik som på albumet Min Kvedarlund (1988), som berre inneheld tradisjonsmateriale.

I 1990 var Berg sentral i urframføringa av Sagn, eit tingingsverk som jazzmusikaren Arild Andersen hadde komponert til festivalen Vossajazz. Her syng ho stev og folketonar frå Setesdal, medan ei jazzgruppe (bass, el-gitar, perkusjon, saksofon og tangentinstrument) framfører Andersen sitt nykomponerte tonefølgje, som dels består av utfyllande akkompagnement, dels av materiale for improvisasjon.

Dette konseptet vart vidareutvikla i prosjektet Arv i 1993, som byggjer på eit utval av dei folketonane Edvard Grieg brukte i sine komposisjonar. Begge verka er spelte inn på plate. Både Sagn og Arv kan karakteriserast som fusjon eller fusjonisme, på grunn av kombinasjonen av tradisjonsmateriale og meir moderne instrumentering og stil. Norske musikarar byrja med dette i 1970-åra, og ved sida av Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek sitt plateprosjekt Rosensfole (1989) har Sagn vorte ståande som eit høgdepunkt innanfor denne musikkretninga. Gjennom dette verket vart Berg for alvor kjend for eit større publikum.

I 1991 laga Berg plata Juletid (1991) saman med organisten Eilert Hægeland og felespelaren Hallvard T. Bjørgum. Sistnemnde har ho samarbeidd med i ei rekkje samanhengar, både i Slinkombas og på plata Runestreng frå 1999. Ei anna kjend plateutgiving er Frå Setesdal til Senegal (1997), der ho og munnharpisten Bjørgulv Straume framfører både afrikansk og norsk tradisjonsmusikk saman med musikarane Solo Cissokho og Kouame Sereba. Ho hadde vidare ei av rollene i folkemusikkversjonen av Mozart-operaen Tryllefløyta, som turnerte i Noreg og Sverige i 2005 og 2006. I 2007 gav ho saman med Astri Rysstad og Kari Rolfsen ut boka Stev for dagen, som inneheld 366 stev og ein CD der hundre av steva er sungne inn.

Blant andre artistar ho har samarbeidd med finn ein Øystein Sunde, Ole Edvard Antonsen, Kari Bremnes, Sigmund Groven, Sondre Bratland, Jan Magne Førde, Bendik Hofseth, Paolo Vinaccia, Ale Möller, Annbjørg Lien og Oslo Kammerkor.

Utmerkingar

Berg har hatt fleire kulturpolitiske verv og har fått ei rekkje stipend, prisar og utmerkingar for arbeidet sitt. Både den første Slinkombas-plata og Min Kvedarlund vart heidra med Spellemannprisen. I 2005 vart ho slått til riddar av 1. klasse av Den kongelege norske St. Olavs Orden for innsatsen sin som kunstnar og kulturformidlar. I 2011 blei ho utnemnd til statsstipendiat.

Berg vann Landskappleiken i klassa for kveding i 1983 og 1987, då ho også fekk Kongepokalen. Ho har også motteke Vest-Agder fylkes kulturpris (1982), Gammleng-prisen (1991), Sagaprisen (1992), Radka Toneffs minnepris (1997), Rff-prisen (2001), Valle kommunes kulturpris (2009), Hilmarprisen (2010) og Anders Jahres kulturpris (2017). Ho blei utnemnd til æresmedlem i Landslaget for Spelemenn i 2005.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kjell Bitustøyl: «Kirsten Bråten Berg», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999
  • Rolf Myklebust: 50 år med folkemusikk. Oslo 1982
  • Tore Skaug: «'Å høyre og herme, det er min måte'. Med Kirsten Bråten Berg frå Hylestad til Harlem». Årbok for norsk folkemusikk. Oslo1996

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg