Hopp til innhold
Foto: Geir Dokken
Foto: Geir Dokken
X
Innhald

Kirsten Bråten Berg

Kirsten Marie Bråten Berg, folkemusikar, visesongar og sølvsmed busett i Rysstad i Setesdal. Ho er mellom dei mest kjende og framståande kvedarane i Noreg i dag og har nådd eit stort publikum, særleg gjennom samarbeidet med musikarar frå andre musikktradisjonar.

Berg er fødd i Arendal 7. januar 1950 og er utdanna sølvsmed (sveinebrev 1976, meisterbrev 1986). Ho byrja i dei tidlege tenåra å tileigne seg folkemusikktradisjonen frå Setesdal, og i 1970-åra vart ho sentral i kvedarmiljøet rundt Club 7 i Oslo. Saman med folkemusikarane Hallvard T. Bjørgum, Tellef Kvifte, Gunnar Stubseid og Hildur Øygarden danna ho gruppa Slinkombas, som gav ut to plater (1979 og 1982). Ho har gitt ut soloalbuma Kirsten Bråten Berg (1980), Min Kvedarlund (1988) og Syng du mi røyst (2001). Både den første Slinkombas-plata og Min Kvedarlund vart heidra med Spellemannprisen.
 
Berg har hatt omfattande turnear, ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt. Ho har hatt fleire kulturpolitiske verv og har fått ei rekkje stipend, prisar og utmerkingar for arbeidet sitt. I 2005 vart ho slått til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin som kunstnar og kulturformidlar.
 
Kvedar og visesongar
Som kvedar har Berg særleg bore vidare tradisjonane etter Gro Heddi Brokke og Svein Hovden (Tveiten). Songstilen hennar er også påverka av felemusikken frå Setesdal. Sjølv karakteriserer ho si eiga stemme som relativt låg, nær taleleiet. Ho er oppteken av den estetiske dimensjonen i tonedanninga når ho framfører stev og folkeviser, eit stoff der songarar tradisjonelt gjerne har lagt mest vekt på å formidle det tekstlege innhaldet.
 
Berg har likevel ikkje bakgrunn berre som folkemusikar, men òg som visesongar. På den første soloplata si hadde ho sett saman eit repetoar av nyare viser kombinert med folkemusikalske innslag. Denne blandinga av moderne visemateriale og tradisjonsstoff er ført vidare på Syng du mi røyst. Samstundes bruker Berg gjerne ornamentering og frasering frå folkemusikken også når ho framfører ikkje-tradisjonell musikk. Dette kan ein mellom anna høyre når ho syng norske versjonar av Leonard Cohen-songane «Bird on a Wire» og «So Long Marianne» på plata Cohen på norsk (1993).
 
Ein grensekryssande musikar
Berg har frå tidleg av vore ein nyskapande og grensekryssande musikar. På dei to Slinkombas-platene var tradisjonsmaterialet arrangert, noko få hadde prøvd tidlegare i norsk samanheng. Vokale stykke (stev, viser) vart her akkompagnerte av to hardingfeler og fløyte. Slinkombas-prosjektet var såleis eit døme på det vi ofte kallar «nytradisjonalisme». Berg har sidan gjort stor bruk av nyskrivne akkompagnement på plateinnspelingar av folkemusikkrepertoar, slik som på Min Kvedarlund, som berre inneheld tradisjonsmateriale.
 
I 1990 var Berg sentral i urframføringa av Sagn, eit tingingsverk som jazzmusikaren Arild Andersen hadde komponert til festivalen Vossajazz. Her syng ho stev og folketonar frå Setesdal, medan ei jazzgruppe (bass, el-gitar, perkusjon, saksofon og tangentinstrument) framfører Andersen sitt nykomponerte tonefølgje, som dels består av utfyllande akkompagnement, dels av materiale for improvisasjon. Dette konseptet vart vidareutvikla i prosjektet Arv i 1993, som byggjer på eit utval av dei folketonane Edvard Grieg brukte i sine komposisjonar. Begge verka er spelte inn på plate. Både Sagn og Arv kan karakteriserast som fusjon eller fusjonisme, på grunn av kombinasjonen av tradisjonsmateriale og meir moderne instrumentering og stil. Norske musikarar byrja med dette i 1970-åra, og ved sida av Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek sitt plateprosjekt Rosensfole (1989) har Sagn vorte ståande som eit høgdepunkt innanfor denne musikkretninga. Gjennom dette verket vart Berg for alvor kjend for eit større publikum.
 
I 1991 laga Berg plata Juletid (1991) saman med organisten Eilert Hægeland og felespelaren Hallvard T. Bjørgum. Sistnemnde har ho samarbeidd med i ei rekkje samanhengar, frå Slinkombas til plata Runestreng frå 1999. Ei anna kjend plateutgiving er Frå Setesdal til Senegal (1997), der ho og munnharpisten Bjørgulv Straume framfører både afrikansk og norsk tradisjonsmusikk saman med musikarane Solo Cissokho og Kouame Sereba. Ho hadde vidare ei av rollene i folkemusikkversjonen av Mozart-operaen Tryllefløyta, som turnerte i Noreg og Sverige i 2005 og 2006. I 2007 gav ho saman med Astri Rysstad og Kari Rolfsen ut boka Stev for dagen, som inneheld 366 stev og ein CD der hundre av steva er sungne inn.
 
Kjelder
Kjell Bitustøyl: «Kirsten Bråten Berg», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999
Rolf Myklebust: 50 år med folkemusikk. Oslo 1982
Tore Skaug: «'Å høyre og herme, det er min måte'. Med Kirsten Bråten Berg frå Hylestad til Harlem». Årbok for norsk folkemusikk. Oslo 1996
 
Peikarar

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 07.08.2015