Hopp til innhold
X
Innhald

Kjell Bondevik

Kjell Bondevik, folkeminnegranskar, lektor og sentral politikar i KrF gjennom etterkrigstida.

Bondevik var fødd 11. mars 1901 i Leikanger og døydde 21. desember 1983. Han vaks opp i ein kristen heim i Sogndal, og familien var aktivt med i misjonsverksemd. Etter landsgymnaset på Voss studerte han ved Universitetet i Oslo, der han tok embetseksamen i filologi og magistergrad i folkeminnevitskap i 1927. Han underviste som lektor ved Haugesund høgre skule 1933–37 og ved Sauda realskule og gymnas frå 1937, der han frå 1948 var rektor. Året etter vart han vald inn som stortingsrepresentant for KrF frå Rogaland, og han sat i fire periodar, fram til 1965.
 
Under Lyng-regjeringa i 1963 var Bondevik sosialminister, og i 1965 vart han utpeika til kyrkje- og undervisningsminister i Borten-regjeringa, trass i motvilje frå liberale krinsar i Venstre. Bondevik vart sett på som ein konservativ vestlending. Han fekk hard medfart under dei såkalla «Bondevik-kampane», då opposisjonen meinte å ha grunnlag for å felle han som statsråd, men han reid stormen av. Etter at Borten-regjeringa fall i 1971, prøvde Bondevik å danne ny regjering. Han mislukkast, og då kom den mykje siterte utsegna «Eg er djupt såra og vonbroten over Senterpartiet». Ved sida av politikken arbeidde Bondevik mykje med folkeminne og lokalhistorie. Kjell Bondevik var onkel til seinare statsminister Kjell Magne Bondevik og far til seinare biskop Odd Bondevik.
 
Kjelder
Arthur Berg: I stridens hete – Kjell Bondevik. Oslo 1969
Ingvar Haddal: Statsministeren vi ikke fikk. Oslo 1981
Odd Sverre Hove: «Kjell Bondevik», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999
 
Peikarar
Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018