Hopp til innhold
Foto:Statsministerens kontor
Foto:Statsministerens kontor
X
Innhald

Kjell Magne Bondevik

Kjell Magne Bondevik, politikar. Tidlegare statsminister og mangeårig partileiar for KrF. Leiar no Oslosenteret.

Kjell Magne Bondevik er fødd 3. september 1947 i Molde.
På same måten som den kortvarige regjeringa til Christopher Hornsrud i 1928 opna auga til Arbeidarpartiet om at det var råd å kjempe også på den parlamentariske arena, vart regjeringa Korvald frå 1972 til 1973 ein dokumentasjon på at ei sentrumsregjering ikkje trong vere noko luftslott. Rett nok er utsiktene små til at ei slik regjering kan kome til makta ved eiga kraft. Til det vil det parlamentariske grunnlaget vere for lite. Men når andre parti ikkje seier nei til ei slik regjering, og når Thorbjørn Jagland går av og seier versågod, ja, då er ei sentrumsregjering mogeleg. 
Ein draum
For statsminister Kjell Magne Bondevik var det lenge ein draum å kunne gjenta det som Lars Korvald fekk til i 1972. Den gongen hadde Trygve Bratteli stilt kabinettspørsmål til folket: Blir det nei i folkeavstemminga så går eg! I folket vart det nei, og det tilsa ei nei-regjering: Korvald-regjeringa. I 1997 stilte Thorbjørn Jagland også kabinettspørsmål til folket: Får eg ikkje ei oppslutning på minst 36,9 prosent så går eg! Det fekk han ikkje, og dermed vart taburettane ledig og Bondevik tok dei på vegner av KrF, Sp og Venstre. Draumen gjekk i oppfylling.
Støtte frå Høgre og FrP
Det var ikkje berre Kjell Magne Bondevik som hadde denne draumen. Også i Senterpartiet, og særleg hos partileiaren, Anne Enger Lahnstein, var dette ein levande draum. På sett og vis var det hennar prosjekt, men ho hadde nok sett for seg ein sterkare parlamentarisk basis enn det som vart resultatet. Før valet varsla Høgre at partiet ville stemme ned ei sentrumsregjering, og særleg ei som var dominert av Senterpartiet.
Nå vart valutfallet slik at det var KrF som vart den sterke part i regjeringa, og då våga i realiteten Høgre ikkje å felle regjeringa av frykt for å øydelegge for eit framtidig samarbeid med KrF og Venstre. I staden  var det Høgre og Framstegspartiet som i kritiske situasjonar heldt liv i regjeringa.
Draumen til tidlegare Sp-leiar, Anne Enger Lahnstein, om at dette skulle bli ei blokkuavhengig regjering,  vart det såleis ikkje noko av. Regjeringa  fekk blokkuavhengig kritikk, men når det var fare på ferde   var det Høgre og Framstegspartiet som  var reddande englar. Det gav særleg Framstegspartiet større makt over politikken enn tidlegare, og for første gang på svært lenge  verka Arbeidarpartiet å vere heller makteslaus.
Valskred
Det var ein garva politikar som vart statsminister 17. oktober 1997. I valkampen vart han den einaste reelle utfordraren til Thorbjørn Jagland om statsministervervet, og den profileringa som det ga partiet, førte til det beste valresultatet for Kristeleg Folkeparti nokon gong.
Sjå video frå NRK Skole: Bondevik vert statsminister i 1997:
 
Truleg er det rett å seie at prosjektet sentrumsregjering berre kunne ha blitt realisert med Kjell Magne Bondevik som statsministerkandidat. Etter at Thorbjørn Jagland kasta korta og melde Arbeidarpartiet ut av diskusjonen om regjeringsmakt, var det ingen annan enn Kjell Magne Bondevik som kunne ha sett seg i statsministerstolen i Stortinget utan at opposisjonsfleirtalet hadde protestert.
Med Jaglands hjelp var tida hans komen. Endeleg skulle det kome ein Bondevik i statsministerstolen. Det har vore nære på ein gong før, då Senterpartiet i 1971 tok krokfot på det forsøket som farbroren til Kjell Magne, Kjell Bondevik, gjorde på å skipe regjering. Den unge Kjell Magne var med då også, som formann i Kristeleg Folkepartis Ungdom og som varamann til Stortinget. Han møtte på Stortinget nokre gongar i Borten-regjeringa si tid, han var statssekretær for Lars Korvald, han var statsråd for Kåre Willoch og Jan P. Syse og han har samarbeidd i mange saker med Gro Harlem Brundtland.
I snart 30 år har Kjell Magne Bondevik delteke i rikspolitikken. Det året han fylte 50 år vart han statsminister. Det kan neppe seiast at han var ukvalifisert.
Politikk som levebrød
Kjell Magne Bondevik har alltid vore definert som ein flink politikar. Profesjonell er han også. Sjølv om han makta å fullføre teologistudiet og vart cand. theol. ved Menighetsfakultetet i 1975, ved sidan av vervet som stortingsrepresentant og nestleiar i partiet, har han nesten ikkje praktisert som prest.
Politikken har vore levebrødet hans frå han vart vaksen. Yrkeslivet hans er politikk. Han var ein av dei første her i landet som gjekk rett frå å vere ungdomspolitikar til å bli yrkespolitikar, utan ei sivil karriere i mellom, men seinare er dette blitt nokså vanleg. «Broilerpolitikarar» er slike blitt kalla, utklekte som dei er i partiorganisasjonen, men for Kjell Magne Bondevik har dette gått bra.
Han har vore flink til å halde kontakten med livet utanfor politikken, ikkje minst i heimefylket, Møre og Romsdal. Han blir trass i manglande røynsle frå arbeidslivet utanfor politikken rekna som ein jordnær politikar som er flink til å lytte til signal frå grasrota.  Det var som student i Oslo at den politiske karrieren hans skaut fart. I 1968 vart han nestformann og i 1970 formann i Kristeleg Folkepartis Ungdom.
I dei dagar var det neppe noko minus i KrF å heite Bondevik til etternamn, men for Kjell Magne sjølv kunne det nok vere eit problem tidvis at han heile tida vart målt mot onkelen. Som medlem av PR-komiteen i partiet frå 1971 til 1973 vart han lagt merkje til av partileiaren, Lars Korvald, og då Korvald skipa regjering i 1972, kom Kjell Magne Bondevik inn som statssekretær ved Statsministerens kontor.
Ved stortingsvalet i 1973 vart han også innvald på Stortinget frå heimefylket. Gang etter gang opp gjennom åra er han blitt spurt om han har planar om å vere politikar til han går av med pensjon, og kvar gang har han svart nei. Heile tida har han halde fast på at han vil ut av politikken og praktisere noko av det han har lært både av politikken og teologien.
Framfor valet i 1997 var det nok ein del tvil om han ville ta attval. Han var 50 år og måtte snart gjere eit val. Sjølv tvilte han også, men kom nok til at han hadde meir ugjort i politikken. Eitt av dei få verva han ikkje hadde prøvd var statsministervervet, og vart det ikkje-sosialistisk fleirtal ville Bondevik vere høgaktuell som leiar både for ei sentrumsregjering og for ei breiare ikkje-sosialistisk regjering. Slike tankar må nok ha vore med og spelt ei rolle då han tok avgjerda om å halde fram i politikken.

Smaken på makt
Haakon Lie har sagt at Arbeidarpartiet ikkje er nokon sundagsskule. Det er slett ikkje Kristeleg Folkeparti heller. Mens partiet i førstninga frå Johannes Lavik si side var tenkt å skulle bli «surdeigen» i politikken, partiet som protesterte mot utviklinga i retning av eit meir sekularisert samfunn, partiet som «vifta med si eiga vesle fane», så fekk KrF gjennom deltaking i Lyng-regjeringa i 1963 og Borten-regjeringa frå 1965 smaken på makt.
Ikkje minst Kjell Magne Bondeviks farbror, Kjell Bondevik, var med på å styre partiet dit. Partiet skulle ikkje lenger vere eit parti for seg sjølv, ikkje berre ei moralsk vaktbikkje i nasjonalforsamlinga. Nå skulle partiet ta ansvar og vere med på styringa. Det ville gi betre utteljing også for dei sosiale og meir moralprega hjartesakene til partiet. Det var strid om dette synet i KrF, og det kom til å bli eit stridstema i årevis framover.
I førstninga var motstanden størst mot å samarbeide med den radikale delen av Venstre. Seinare har det vore samarbeid med Høgre det har stått strid om. Som ungdomspolitikar var Kjell Magne Bondevik ein av dei som kjempa mot at KrF skulle samarbeide til Høgre. Han var radikal og sto vel Arbeidarpartiet nærare i dei fleste saker, men det talde også med at KrF verkeleg hadde fått gjennomført mykje i Borten-regjeringa.
Ved kvar korsveg seinare har det likevel vore ein skepsis i partiet mot å samarbeide med Høgre. Partiet har vore delt i to fløyer, og Bondevik har høyrt til på den radikale fløy, mens rivalen hans om verv i KrF i meir enn ti år, Kåre Kristiansen, høyrde til på den konservative og samarbeidsvillige fløy. Dei to var rivalar i kampen om formannsvervet i partiet, og endeleg i 1983 vart Kåre Kristiansen - etter eigne ord - skvisa ut av formannsstolen. Han kallar det «en sterk og vond opplevelse». 
Full kontroll
Den nye formannen var Kjell Magne Bondevik. Tre år seinare, i 1986 vart Bondevik også parlamentarisk leiar. Då hadde hans fløy kontroll over partiet. Kåre Kristiansen var ute av politikken. Dei to hadde mange harde duellar i partiet opp gjennom åra, og det har sikkert gått innpå begge to.
Kåre Kristiansen vart ikkje heilt klok på sin unge rival: «Han kunne ofte virke noe innadvendt, og viste sjelden noe følelsesmessig engasjement. Han virket mer reservert og beregnende enn noen av oss andre», skriv Kristiansen i memoarboka «Når sant skal sies». Bondevik vil kanskje vere samd i ein slik karakteristikk av seg sjølv på den tida, og seinare har han arbeidd mykje med seg sjølv nettopp for å bli opnare og kunne vise meir kjensler. Han har ei godt utvikla analytisk evne og tenkjer langsiktig, også når det gjeld si eiga utvikling. Dessutan har han eit finmaska nett av personar rundt om i både partiet og utanfor, som han ofte snakkar med i telefonen og som han gjerne tenkjer høgt ilag med. Det finst mange som kan fortelje at dette nettverket vart nytta aktivt i kampen om makta i partiet.
Statsrådpostar
I 1981 låg abortsaka som ei sperre for at Kristeleg Folkeparti kunne kome med i regjeringa. Vedtaket på landsmøtet i Tønsberg sa klart at partiet ikkje kunne sitje i ei regjering som ikkje ville fjerne kvinnas rett til sjølvbestemt abort, og i delar av Høgre var dei ikkje villig til å endre den lova om sjølvbestemt abort som vart vedteken i 1968.
 Samstundes hadde KrF lova veljarane sine at partiet ville skaffe ei borgarleg regjering om det vart borgarleg fleirtal ved valet i 1981. Dermed måtte Høgre skipe regjering åleine, men med KrF som støtteparti i Stortinget. Dette kunne sjølvsagt ikkje gå lenge, og i 1983 vart det formulert eit tillegg til Tønsberg-vedtaket som ga KrF ei opning inn i regjeringa trass i at abortlova ikkje vart endra.
Kjell Magne Bondevik var kyrkje- og undervisningsminister i den utvida Willoch-regjeringa, ein særs god ein også. Han har ein utruleg arbeidskapasitet, var flink til å planlegge arbeidet og få sakene unna, og glad i å sjå resultatet. Slik sett passa han kanskje betre i regjeringa enn i Stortinget.
Då regjeringspartia bak Willoch-regjeringa  ved valet i 1985 miste fleirtalet og vart avhengig av to stemmer frå Frp, sette Kjell Magne Bondevik og KrF klare stengslar for alt som kunne minne om samarbeid med Carl I. Hagen. Det medverka nok til at Willoch-regjeringa fall på den saka ho gjorde, men levetida ville truleg ha blitt kort uansett. Seinare har klimaet mellom Bondevik og Hagen betra seg.
Samarbeid
Den jobben Kjell Magne Bondevik har likt mest, kanskje med unntak av den han har no, var jobben som utanriksminister i Syse-regjeringa frå 1989 til 1990. Det vart ei ny utfordring for ein vel 40 år gamal teolog. Mens Bondevik i yngre år hadde vore skeptisk til samarbeid med Høgre, så kom Syse-regjeringa i stand i stor grad på Kjell Magne Bondeviks initiativ. Det var han som fekk Jan P. Syse og Johan J. Jacobsen til å setje seg saman for å forhandle om eit felles alternativ til regjeringa sitt langtidsprogram, og den fråsegna på 22 punkt som kom ut av forhandlingane vart regjeringa sitt politiske grunnlag.
Johan J. Jacobsen og Kjell Magne Bondevik samarbeidde svært godt. Dei kom inn i Stortinget samstundes, og gjekk lenge under namnet «Vangsgutane» fordi dei var så sunne og sentrumsprektige. Bondevik fekk også eit svært godt og personleg forhold til Jan P. Syse. Det same gjorde han til Rolf Presthus.
Privat er Kjell Magne Bondevik ein ukomplisert kar, skriv Erling Rimehaug i biografien om Bondevik: «Midtbanespilleren» Tittelen på boka spelar sjølvsagt på at sentrum er Bondeviks favorittarena, og at han er fortballgal. Særleg er det Molde fotballklubb som står hjarta hans nær. I den klubben har han også vore styremedlem, og reiser til alle kampar så sant han har tid. I tillegg likar han tradjazz, Arja Saijonmaa og Whitney Houston, og han er ein hund etter søte kaker. Mykje av guten i seg har han halde på, og det gir han sjarm som kjem vel med også i politikken.
Sjukdom
Kjell Magne Bondevik vart sitjande som KrF-leiar til landsmøtet i 1995, då Valgerd Svarstad Haugland tok over. Mange tolka det som eit signal om ei politisk  karriere som var på hell, men det viste seg som eit klokt trekk av Bondevik. Stortingsgruppa har alltid vore den sterke i KrF, og som parlamentarisk leiar hadde han det meste av kontrollen likevel, men saman har Bondevik og Valgerd Svarstad Haugland i stor grad fornya KrF sin profil. Partiet vart meir «moderne» og opna opp for impulsar også frå ikkje-kristne miljø. Ved valet i 1997 fekk partiet mange stemmer frå miljø utanfor det tradisjonelle veljargrunnlaget. Denne breiare og mindre «mørkemannsprega» profilen spelte avgjort ei rolle for suksessen ved valet i 1997, og var dermed ei direkte årsak til at Bondevik vart statsminister.
I det vervet  fekk han det tøffare enn han sikkert hadde tenkt seg. Det viser ikkje minst sjukdommen som råka han hausten 1998. Han er ikkje den første toppolitikaren som har fått det som legen kalla «ein depressiv reaksjon», men i Norge er det ikkje lenger like lett for ein statsminister å vere sjuk lenge utan at det får konsekvensar for statsministerposisjonen. Bondevik valde å vere open om sjukdommen sin, og tente avgjort på det. Å sitje som statsminister for ei regjering som har støtte frå eit håplaust mindretal i Stortinget, er svært krevjande. Betre blir det ikkje når det også er uro i regjeringa.
Han var populær og handlekraftig innanfor dei grensene som stortingsfleirtalet sette, men dei grensene mått han heile tida rette seg etter. Det er skilnaden på ei mindretals- og ei fleirtalsregjering.  Han vart sitjande som statsminister vesentleg lenger enn det mange spådde på førehand.
Kabinettspørsmål
Bondevik stilte 9. mars 2000 eit kabinettspørsmål i Stortinget og tapte. Han ville ha vedtatt eit forslag om at vilkåra for ei avgjerd om bygging av eit gasskraftvedtak her i landet måtte vere at den gjeldande forureiningslova ikkje skulle bli svekt. 
Korkje Arbeidarpartiet eller Høgre kunne støtte dette, Bondeviks forslag fekk ikkje fleirtal og Bondevik-regjeringa gjekk dermed av. Ap-leiar Jens Stoltenberg hadde noko tidlegare fått klarsignal frå styrande organ i Arbeidarpartiet om å søkje regjeringsmakt, og han sa ikkje nei når sjansen kom.
Som kjent er det ikkje bygd noko nytt gasskraftverk utover dei som er knytt direkte til oljeproduksjonen, og forureiningslova er heller ikkje endra. Det er liten tvil om at Arbeidarpartiet såg sin sjanse til å ta att regjeringsmakta ved å alliere seg med Høgre i denne saka. Høgre på si side var prinsipiell tilhengar av å bygge gasskraftverk, og kunne ikkje anna enn å stemme imot Bondevik sitt framlegg som i realiteten ville setje bom for bygging av gasskraftverk i Norge.
Bondevik kritiserte Arbeidarpartiet for å ha røysta mot eit forslag partiet eigentleg var for, og han meinte formålet eine og åleine var å felle regjeringa. Sjølv fekk Bondevik ros frå miljørørsla for å ha sett stillinga si inn på miljøet si side, og det vart spådd at KrF kunne vinne oppslutning på dette nederlaget. Til ein viss grad skjedde det, og Arbeidarpartiet vart straffa. Både Høgre og KrF gjorde gode val i 2001, mens Arbeidarpartiet gjorde sitt dårlegaste stortingsval sidan 1920-åra.
Kompromissmakar
Stortingsvalet i 2001 gav borgarleg fleirtal av KrF, Høgre, Venstre og Frp, men noko regjeringssamarbeid med Frp var uaktuelt. Nokså motvillig aksepterte likevel Frp at det vart danna ei ny ikkje-sosialistisk regjering med Kjell Magne Bondevik som statsminister, og der Høgre var det største partiet og hadde fleirtal i regjeringa.

Venstre med sine to representantar på Stortinget fekk like mange statsrådar. Til saman hadde regjeringa støtte frå 60 representantar som utgjorde 36 prosent av representantane. I stor grad var regjeringa prisgitt støtte frå Frp og/eller frå Ap. Det vart mange kamelar å svelgje og mange nederlag, men regjeringa vart sitjande i heile fireårsperioden fram til valet i 2005, og mykje vart gjennomført. 
På nytt kom Bondeviks evner som meklar og kompromissmakar til sin rett, og utan han hadde denne regjeringa neppe vart så lenge. Bondevik sat som statsminister for to mindretalsregjeringar med det svakaste parlamentariske grunnlaget i etterkrigstida. Felles for begge desse regjeringsperiodane er at Stortinget hadde meir makt enn nokon gong tidlegare i etterkrigstida. Etter at Arbeidarpartiet, SV og Sp skipa fleirtalsregjering etter valet i 2005, forsvann mykje av makta frå Stortinget til regjeringskollegiet.
 Valnederlag og ny jobb
Valet i 2005 vart eit nederlag både for KrF og Kjell Magne Bondevik. KrF-gruppa på Stortinget vart halvert frå 22 til 11, og også Høgre tangerte sitt dårlegaste valresultat etter krigen. Ei svak mindretalsregjering og mange kamelar og nederlag hadde også tært på regjeringspartia sine veljarar.
Kjell Magne Bondevik hadde sagt frå seg attval framfor 2005-valet, men sa ikkje tvert nei til å stille som statsminister etter valet dersom det skulle bli aktuelt. Det vart det som kjent ikkje.
I staden var han initiativtakar til å etablere Oslosenteret for fred og menneskerettar den 31. august i 2006. Dette er ei uavhengig stifting i stor grad finansiert med bidrag frå norsk næringsliv og også med offentleg støtte. Senteret arbeider med konfliktløysing, fredsskaping og arbeid for menneskerettar internasjonalt.
Bondevik har vore leiar for senteret sidan starten, og det har resultert i at han har engasjert seg i fleire av konfliktområda i verda.

Peikarar

Oslosenteret, oslocenter.no

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 01.03.2012
Sist oppdatert: 03.09.2019