Hopp til innhold
X
Innhald

Kjell (Martin) Bækkelund

Kjell (Martin) Bækkelund, 1930–2004, var pianist. Han debuterte med Filharmonisk Selskaps Orkester som 8-åring. Sidan 1951 gjorde Bækkelund konsertreiser over store delar av verda, mellom anna i Kina.
Bækkelund stod også bak ei rekkje plateinnspelingar og var ofte og sjå på fjernsynet.

Han arbeidde i fleire aviser, mellom dei Dagbladet og VG. Han gav ut bøkene Tramp i klaveret (1982), På gjennomreise (1989) og Edvard Grieg. Et vårvær fra nord (1995). Han var medforfattar i fleire andre bøker.

Kjell Bækkelund mottok fleire prisar, som Norsk kulturråds pris (1973) og Spellemannsprisen (1975). Frå 1987 var Kjell Bækkelund statsstipendiat.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.11.2013
Sist oppdatert: 01.11.2013