Hopp til innhold
X
Innhald

Kjetil Augundson Brottveit

Kjetil Augundson Brottveit, redaktør og forfattar som i 2004 fekk Sørlandets litteraturpris for romanen Nattradioen.

Kjetil Augundson Brottveit er fødd i Kristiansand 10. april 1969 og voks opp i Valle i Setesdal. Han fullførte allmennlinja ved Hornnes gymnas i 1987 og vart i 1993 cand.mag. ved Universitetet i Trondheim, med faga historie, litteraturvitskap og samfunnskunnskap og samtidshistorie.
Etter studiane arbeidde han som frilansjournalist, mellom anna med faste spalter i Dag og Tid og Bergens Tidende. I 2005 vart han tilsett som redaksjonssekretær i Forskerforum, medlemsbladet til Forskerforbundet. Frå 2009 har han vore redaktør i dette bladet.
Spesielt i tida som frilansjournalist viste Brottveit at han kunne skrive humoristisk. Det viser han òg i den velskrivne romanen Nattradioen, som kom i 2003. Nattradioen er ein humørfylt roman om bygdeguten Roar og byjenta Kari, som finn kvarandre i Trondheim. I boka er det mange gode og lystige observasjonar, som til dømes då Roar seier om mora at ho gjerne vil «ha slike lange frukostar med akevitt til som folk i byane har, pluss kanskje kultureliten i Vest-Telemark og Hallingdal».
Kjelder
E-post frå Brottveit 15.10.2010
Om tildelinga av Sørlandets litteraturpris, publisert 23.4.2004: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.321725 [lesedato 5.12.2012]

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 13.11.2018