Hopp til innhold
X
Innhald

Kjetil Bang-Hansen

Kjetil Bang-Hansen, teatersjef, skodespelar og instruktør. Han har vore ein av dei mest sentrale teatersjefar og regissørar i Noreg sidan 1960-talet.

Kjetil Bang-Hansen er fødd 16. mai 1940 i Oslo, der han òg bur. Han er utdanna skodespelar frå Statens teaterskole (1959–62) og var tilsett ved Edderkoppen i 1962–63 og Oslo Nye Teater i 1963–66. Han var instruktør ved Trøndelag Teater 1967–71 og Teatret Vårt i Molde 1972–73. Bang-Hansen var rektor ved Statens teaterhøgskole 1973–76 og deretter teatersjef ved Rogaland Teater 1976–82, Den Nationale Scene 1982–86, Nationaltheatret 1986–87 og Oslo Nye Teater 1998–2001. Han har òg arbeidd som instruktør ved Nationaltheatret i ei rekkje år.
Bang-Hansen debuterte som skodespelar i filmen Ugler i mosen i 1959 og var med i Frisøndag av Leck Fisher i Fjernsynsteatret i 1961. Seinare har han mellom anna spela i Anne Franks dagbok (1964) og Stor ståhei for ingenting (1969). Bang-Hansen debuterte som instruktør ved Trøndelag Teater i 1967 med To på vippen, og han har seinare iscenesett ei lang rekkje oppsetjingar på ulike scener, mellom anna Henrik Ibsens Gengangere (1968) og Brand (1971), Den glade enke (1987), Maria Q av Cecilie Løveid (1994), Evangeliet etter Markus (1995), Reisen til julestjernen (2007) og Ingmars Bergmans Fanny og Alexander (2009).
Han er engasjert i norsk teaterdebatt og har gitt ut boka Trommer og sang (1987). Som instruktør er han oppteken av poetisk teater og har sans for ironisk stilisering. Han har vore gjesteinstruktør ved teater i fleire land, mellom anna Danmark, Polen, Frankrike og USA.
Bang-Hansen har fått Fritt Ords Pris (1983), Kritikarprisen (1999/2000), er utnemnd til riddar av St. Olavs Orden (2002) og har fått Heddaprisen (2003), Norsk Sceneinstruktørforenings ærespris 2010 og Aase Byes Ærespris 2013
Kjelder
Kjetil Bang-Hansen, presentasjon hos Nationaltheatret, nationaltheatret.no, http://www.nationaltheatret.no/Bang-Hansen,+Kjetil.9UFRvUYs.ips?templatefolderid=231 [lesedato 28.11.2011]
Jon Nygaard: Kjetil Bang-Hansen, snl.no, http://snl.no/.nbl_biografi/Kjetil_Bang-Hansen/utdypning [lesedato 28.11.2011]
Peikarar
Sceneweb.no si nettside om Kjetil Bang-Hansen:

Først publisert: 06.04.2012
Sist oppdatert: 26.03.2014