Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Kolbjørn Brekstad

Kolbjørn Brekstad, skulemann og forfattar av historiske romanar for ungdom og vaksne. Aliaset hans var Allen Bergen.

Kolbjørn Brekstad var fødd 31. oktober 1932 på Brekstad i Trøndelag og døydde 27. juli 2019 i Eda i Värmland i Sverige. Han hadde lærarskulen frå Levanger (1959) og norsk og historie i fagkrinsen. Brekstad arbeidde i 30 år i skuleverket som lærar (1956–1963), var rektor ved Vikna Framhaldsskole (1963–70) og Rørvik skole (1980–84) og skulesjef i Vikna (1970–80) og Leksvik (1984–86) før han debuterte som forfattar. Han arbeidde ved Ytre Namdal videregående skole (1987–89) og som personalkonsulent ved Høgskolen i Hedmark (1995–2000).

Han skreiv Knut Gribb-forteljingar under psevdonymet Allen Bergen i Detektiv-Magasinet (1963–65). Den første romanen hans var Stank av mennesker (1985), og for den blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris.
Brekstad gav ut sju romanar for vaksne før ungdomsserien om hovdingen Rein Lodinsson: Det syngande sverdet (1999), Vargvinter (2000), Den lange striden (2001) og Gudane kjem (2002). I 2009 gav han ut Heriosme og svik. En roman om Vidkun Quisling. Det var første bandet i ein trilogi om Quisling. Det andre bandet, Folkefrelseren, kom i 2010.
Brekstad hadde med stor kunnskap frå fleire område skildra ulike miljø: folkevandringstid, Helgelandskysten på 1600-talet, noregshistorie på 1800-talet og nazistiske miljø i Noreg og Argentina. Brekstad brukte både bokmål og nynorsk som forfattar.

Kjelder

Kolbjørn Brekstad, forfattarside, dagbladet.no, publisert 2003, http://www.dagbladet.no/kontekst/5177.html [lesedato 30.3.2011]
Per Egil Hegge: «Rotteplaget einstøing», aftenposten.no, publisert 11.4.2009, http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article3355299.ece [lesedato 30.3.2011]
Red.: «Kolbjørn Brekstad», snl.no, sist oppdatert 4.10.2010, http://www.snl.no/Kolbj%C3%B8rn_Brekstad [lesedato 30.3.2011]

Vidarforlaget: «Forfatter Kolbjørn Brekstad gikk bort 27. juli, 86 år gammel», vidarforlaget.no: http://vidarforlaget.no/nyheter/forfatter-kolbj%C3%B8rn-brekstad-gikk-bort-27-juli-86-%C3%A5r-gammel [lesedato 31.10.2020]

Først publisert: 30.03.2011
Sist oppdatert: 31.10.2020