Hopp til innhold
X
Innhald

Kristin Bakken

Kristin Bakken, forskingsdirektør. I åra 2002–2008 etablerte ho som prosjektdirektør Norsk Ordbok 2014 som eit prosjekt for å fullføre verket til grunnlovsjubileet i 2014.

Bakken er fødd i Bamble 21. mai 1959. Ho er dr.art. frå 1996. Bakken var sekretær i namnekonsulenttenesta 1987–90 og statens namnekonsulent (bokmål) 1994–2002. I tillegg til fleire periodar med forskingsstipend var ho 2000–02 knytt til prosjektet Henrik Ibsens skrifter, og ho arbeidde som prosjektleiar for kvalitetsreforma på HF ved Universitetet i Oslo 2001–02. 2008–12 var ho fag- og forskingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket i Oslo.
 
Ho var prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014 frå 2002 til 2008. I desse åra etablerte ho prosjektet på eit høgt nivå administrativt og leidde utviklinga av det faglege arbeidet med verket.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 21.05.2009
Sist oppdatert: 22.10.2012