Hopp til innhold
X
Innhald

Liv Randi Bjørlykke

Liv Randi Bjørlykke (f. 1949 i Sykkylven) har arbeidd som journalist og lektor. Ho er ein kjend kåsør med humoristiske betraktningar frå eit (tilsikta konservativt) bygdeperspektiv. Kven andre har gitt uttrykk for lengt etter mannfolk med fiskeslo i barten i møte med 1990-talets mjuke menn?

Bjørlykke debuterte med Årbok frå folkedjupet: kåseri for folk som tenkjer i 1983 og har så langt gitt ut sju samlingar. Somme av dei er lagde i munnen på bygdedama Bø-Laura, i andre snakkar ho i første person. 

Ho har også skrive bøker om misjon (Der brunosten sveittar, 1988) og gjeve ut fleire intervjubøker med sentrale personar i lekmannsrørsla. I 1990 gav ho ut barneboka Legge oss, nei!.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 12.11.2018