Hopp til innhold
Foto: Leo Reynolds, Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: Leo Reynolds, Flickr.com CC BY-NC-SA
X
Innhald

Ludwig van Beethoven

Ludwig van Beethoven, tysk komponist, truleg det mest dominerande einskildmennesket i musikkhistoria, og han markerer overgangen til den romantiske musikkepoken.

Ludwig van Beethoven var fødd i Bonn og døypt 17. desember 1770. Han døydde i Wien 26. mars 1827. Faren, ein lokal musikar, sette sonen tidleg i eit strengt øvingsregime, i håp om å skape eit vedunderbarn som Mozart. Beethoven hadde inga utdanning utover grunnskulen i Bonn. Då han flytta til Wien i 1792, etablerte han seg snart som meisterpianist og komponist av pianomusikk. Ved hundreårsskiftet dreia interessa hans over på strykekvartettar, og han skreiv også dei to første symfoniane sine.
Rundt 1802 gjekk han igjennom ei personleg krise, utløyst av innsikta om at han var i ferd med å verte døv. Verka hans vart lengre og meir ambisiøse, og han tok til å utvide grensene for den wienerklassiske forma. Snart var han den mest namngjetne og kritikarroste komponisten i verda, og verka hans vart spela over heile Europa.
Etter kvart vart Beethoven meir innovervend, både personleg og i musikken sin. Han hadde mist nesten all høyrsel, og den politiske depresjonen som følgde etter Napoleons nederlag, gjorde det vanskeleg å få framført musikk. Han konsentrerte seg om strykekvartettar og skreiv den mest utfordrande og innovative musikken sin i denne perioden.
For dei romantiske komponistane på 1800-talet var Beethoven idealet, som heroisk kjempa seg igjennom personleg liding for å gi menneska eit glimt av den guddommelege musikken. Han endra biletet av kva ein komponist kan vere, frå ein arbeidstakar som lydig skriv for å underhalde, til ein fri kunstnar som kompromisslaust skriv for å uttrykkje sine eigne indre kjensler.
(Artikkelen held fram under videoen)
Den klassiske
Beethoven var berre 21 år gamal då han flytta frå Bonn til Wien for godt i 1792. Han studerte under Franz Joseph Haydn og vart snart lagd merke til, med eit kjensleregister som alt no var større enn vanleg. Dette kjem tydeleg fram i Sonata Pathétique, opus 13, frå 1799, som startar med store, dramatiske akkordar i det låge registeret, til då uhøyrde i ein pianosonate. Først rundt 1800 torde han å komponere i Haydn sine paradegreiner: strykekvartettar og symfoniar.
Beethoven utvikla eit svært godt forhold til dei velståande wienerane og greidde fort å få seg levebrød som sjølvstendig pianist, komponist og lærar. Seinare, då høyrselen vart svakare, tok komponeringa heilt over, og han vart den første kjende komponisten i historia som levde av berre å skrive musikk når han sjølv ville.
Den heroiske
Rundt 1802 var høyrselen hans så dårleg at han tok til å isolere seg frå det offentlege livet, og han skjøna kva veg det kom til å gå. Han var nær ved å ta livet sitt av skam og frykt, og som han skreiv i eit brev til brørne: «Berre kunsten heldt meg attende.»
Tredjesymfonien, Eroica, opus 55, var lengre enn nokon tidlegare symfoni og eit svært personleg uttrykk for Beethoven sin eigen stridsvilje. Sjølv om han forundra nokre lyttarar, sende symfonien den klassiske musikken inn på ein ny kurs, der komponisten kunne utfordre publikum til å lytte og ta stilling til musikk på eit djupare plan enn berre underhaldning.
Beethoven skreiv den einaste operaen sin, Fidelio, opus 72, i 1805. Han treivst betre med instrumentalmusikk, og i 1808 fullførte han den femte symfonien, Lagnadssymfonien, opus 67, nok eit uttrykk for komponisten sin vilje til å overvinne lagnaden. Det fremste kjenneteiknet ved dette verket er den tematiske einskapen i førstesatsen, der det umiskjennelege rytmiske motivet (kort-kort-kort-lang) vert teke opp att og opp att nesten utan avbrot i ulike variantar gjennom heile satsen.
Den sjette symfonien, Pastorale, opus 68, var like innovativ, men på ein annan måte. Kvar sats har ein skildrande tittel, slik som «Scene ved bekken» eller «Torevêr og storm». Dette er òg reflektert i komposisjonen, som fleire gonger imiterer til dømes vêrfenomen og fuglelydar. Skilnaden mellom tematisk einskap i den femte symfonien og deskriptiv naturromantikk i den sjette illustrerer korleis Beethoven paradoksalt nok kunne verte det store idealet for begge dei stridande hovudretningane i romantikken, absolutt og programmatisk musikk.
Den introverte
Napoleon hadde vore det store idealet for den yngre Beethoven, og etter det endelege franske nederlaget i 1814 kom komponisten, som var ein open sympatisør av ideala frå den franske revolusjonen, under overvaking i Austerrike. Dei siste restane av høyrselen forsvann, og helsa vart dårlegare. Han vart humørsjuk og isolert.
Den heroiske stilen var no uaktuell, og Beethoven vende seg i staden innover, for å undersøkje nye musikalske former, først og fremst i dei såkalla «seine strykekvartettane», nr. 12–16. Aldri før var han så open om å kaste vrak på dei gamle reglane, og mottakinga frå publikum og kritikarar var svært blanda.
Symfoni nr. 9, opus 125, frå 1824 var Beethoven si endelege avvising av den tradisjonelle symfoniforma, med det uhøyrde grepet å ta inn kor og solistar i ein «ekstra» femtesats. Den meisterlege kombinasjonen av innovasjon og vørdnad for tradisjonen gjorde at dette verket har stått som eit ruvande ideal for komponistar i ettertida.
Kjelder
Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music, Sixth Edition. New York 2001
Glenn Stanley (ed.): The Cambridge Companion to Beethoven. Cambridge 2000
Joseph Kerman et al.: «Beethoven, Ludwig van», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/40026pg1 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 11.5.2014]
Frå Madam Tussaud, Berlin. Foto: Kerem Tapani Gültekin. Flickr.com CC BY-ND

Først publisert: 24.07.2014
Sist oppdatert: 17.12.2015