Hopp til innhold
X
Innhald

Luigi Boccherini

Luigi Boccherini [båkkerini], 1743–1805, var italiensk komponist. Boccherini hadde ein stor kammermusikkproduksjon der særleg strykekvintettane med 2 celloar har vore musikkhistorisk viktige. Det mest kjente stykket hans, Menuett, kjem frå kvintetten i E-dur Op. 13 nr. 5. Boccherini skreiv også fleire cellokonsertar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 14.04.2014