Hopp til innhold
Foto: Gudmund Moren/ Samlaget
Foto: Gudmund Moren/ Samlaget
X
Innhald

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim er forfattar og journalist. Ho har mellom anna skrive fleire romanar i sjangeren bygdekrim og fleire spenningsromanar for ungdom.

Bruheim er fødd 17. september 1951 i Skjåk. Ho er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1982, og har tilleggsutdanning som journalist. Frå 1986 til 2000 var ho tilsett som journalist i NRK, først i Oslo, seinare på Lillehammer, der ho arbeidde med nyhende og kultur- og samfunnsprogram. Seinare har ho vore heiltidsforfattar og frilansjournalist.

Bruheim debuterte i 1997 med kriminalromanen Varselet og har seinare skrive fleire bøker i same sjangeren: bygdekrim. I 2005 gav ho ut sin første historiske roman, Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending i Gudbrandsdalen. I 2010 gav ho ut Det som ein gong var, ei oppvekstskildring lagt til 60-talet. Fleire av bøkene hennar er omsette til tysk. Som faglitterær forfattar har Magnhild Bruheim vore med og skrive bøkene Lykkeland. Minne frå slagerbøkene (2000) og Matminne frå Gudbrandsdalen (2004).
 
Med bakgrunn i ei diktarbygd
Magnhild Bruheim er niesa til diktaren Jan-Magnus Bruheim og framhevar han som ein inspirator for skrivinga si. Også andre forfattarar frå Lom og Skjåk, som Olav Aukrust, Tor Jonsson og Tore Ørjasæter, har oppteke henne. Særleg viktige var desse i ungdomsåra då ho flytta til Lillehammer og tok examen artium. I diktinga deira har ho funne att mykje av det oppveksten lærte henne om bygda og bygdesamfunnet, seier ho sjølv.
 
At bygdene har hatt sine diktarar tidlegare, trur Bruheim har vore med på å få både henne og andre til å følgje i same sporet. Andre faktorar har vore indre trong, inspirasjon frå miljøet og tryggleiken i at ein har ein bodskap. Personleg stimulering frå bygdemiljøet fekk ho derimot lite av, skriv ho.
 
Det byrja med lyrikk
I 17-årsalderen tok Bruheim til å skrive dikt. Då las ho mykje lyrikk, både som inspirasjon til eiga skriving og som kjelde til livserfaring og livsvisdom. I tillegg til diktarane frå Ottadalen las ho mykje av kvinnelege lyrikarar som Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa.
 
I gymnasåra på Lillehammer var ho med og laga antologien Dikt 71 med bidrag frå elevane ved skulen. Ho las dikt på fleire offentlege tilstellingar, hadde dikt på trykk i Gudbrandsdølen og interessa for å skrive dikt.
 
Frå journalist tilbake til forfattarskapen
Gjennom studietida i 1970-åra følgde Bruheim med interesse den politiske litteraturen til Dag Solstad, Kjartan Fløgstad, Edvard Hoem og andre. Det låg ikkje for henne å skrive slik litteratur sjølv, og ho fekk ikkje desse skriftene til å passe med sin eigen bygdebakgrunn. Først etter ein del år som journalist vende ho tilbake til tanken om å skrive bøker. Ho fann det frigjerande at ho kunne skrive utan å skrive dikt, og det ho no gjekk i gang med, var lengre forteljingar.
 
Inspirasjon frå bygdemiljøet
Det er eit særmerke for kriminalromanane til Bruheim at handlinga ikkje er lagd til bymiljø, men til bygdesamfunn om lag slik det var i hennar oppvekst. I barne- og ungdomsåra fekk ho høyre mange spennande historier av forteljarar i nærmiljøet, både sanne og oppdikta. Særleg historier knytte til døden og naturen gjorde djupt inntrykk på henne.
 
Fødd og oppvaksen som ho er på bygda, har Bruheim eit samansett forhold til Bygde-Noreg. Ho vil forsvare bygda mot kritikk utanfrå, men protesterer samstundes mot romantisering og enkelte sjølvgode haldningar.
 
I romanane sine bruker Bruheim historiene ho har høyrt, formar dei om og passar dei inn i ein komplisert vev, der stadig fleire hemmelege ting kjem fram etter som mønstra i veven vert meir tydelege. Først på slutten får lesaren oppklart korleis kvar enkelt delhistorie passar inn i heilskapen.
 
Målpolitisk engasjert
Magnhild Bruheim er og har vore målpolitisk engasjert. Ho var i 1978–79 leiar i Norsk Målungdom, og i hovudoppgåva si i nordisk analyserte ho mållova av 1930.
 
Kjelder
Magnhild Bruheim: ”Diktararv”. Syn og Segn nr. 1/ 2002

Først publisert: 21.05.2009
Sist oppdatert: 13.11.2018