Hopp til innhold
Magnus Buflod
Magnus Buflod
Foto: Trysil kommunes fotoarkiv. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Magnus Buflod

Magnus Buflod, lyrikar, målar og musikar frå Trysil.

Magnus Buflod var fødd på Vestre Buflod i Trysil 20. april 1908 og døydde same staden 15. august 1997. Han voks opp i ein kunstnarisk og musikalsk familie og budde heile livet i Trysil, med unntak av eit år på Bjerkely Folkehøyskole. Buflod arbeidde òg ei tid som teiknelærar ved Øverbygda skole, og dikting, musikk, handverk og målarkunst blei både interessene og levebrødet hans.
Buflod voks opp i den litterære krinsen i Trysil rundt Sven Moren og var jamaldring med Einar Skjæraasen og Halldis Moren Vesaas. Han tok tidleg til å skrive, og i 1934 debuterte han på eige forlag med diktsamlinga På leiting.
Fram til 1976 gav han ut seks diktsamlingar, dei fleste på Noregs Boklag. Han hadde eit kriste livssyn, som gav grunntonen til dei fleste dikta hans, og han brukte bilete frå naturen og miljøet omkring seg for å kaste lys over sentrale og allmenne livsproblem. Buflod er representert i fleire diktantologiar, og nokre av dikta hans er òg tonesette. I 2008 kom Dikt i samling.
Buflod spelte fele og komponerte folkemusikk, og frå 1946 levde han av å måle naturbilete og portrett. Han fekk Statens kunstnarstipend i 1949. Buflod blei tildelt Austmannaprisen i 1974 og Sunnmørsprisen i 1977, og han blei æresmedlem i Hedmark forfatterlag i 1989.
Kjelder
«Magnus Buflod – liv og dikting», nettstad om Magnus Buflod av Kari Buflod Løvlund, http://home.online.no/~bloevlun/sider/buflod.htm [lesedato 1.1.2011]
Red.: «Magnus Buflod», snl.no, http://www.snl.no/Magnus_Buflod [lesedato 1.1.2011]

Først publisert: 06.04.2011
Sist oppdatert: 11.04.2018