Hopp til innhold
X
Innhald

Marcel Breuer

Marcel Breuer, 1902–81, var ungarsk-amerikansk arkitekt og formgivar.

Breuer leidde møbelavdelinga ved Bauhaus i Dessau i 1925–28. Han er kjend for funksjonalistiske stålrøyrsmøblar. Saman med W. Gropius var han ein av dei fremste formidlarane av europeisk funksjonalisme til USA. Breuer var også hovudarkitekt for UNESCO-bygningen i Paris (1953–58).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016