Hopp til innhold
X
Innhald

Margarete Bonnevie

Margarete Bonnevie, 1884–1970, var forfattar og ein pioner i norsk kvinnesaksrørsle. Ho leidde Norsk Kvinnesaksforening i åra 1936–46. Bonnevie gav mellom anna ut Ekteskap og arbeide i 1932, Fra mannssamfunn til menneskesamfunn i 1955 og Fra likestilling til undertrykkelse i 1964. Ho sette fram krav om lik rett til arbeid, likeløn, fleire dagheimar og fritidsstover.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013