Hopp til innhold
X
Innhald

Marianne Borgen

Marianne Borgen, sosiolog, politikar for Sosialistisk Venstreparti i ei årrekkje og ordførar i Oslo frå 2015. Ho er den første ordføraren frå Sosialistisk Venstreparti i Oslo.

Marianne Borgen er fødd 2. juni 1951 i Oslo. Ho er utdanna cand.sociol. ved Universitetet i Oslo i 1979, med historie og tysk i fagkrinsen. Hovudfagsoppgåva i sosiologi hadde tittelen «Fra fattighus til trygdebolig».

Borgen har vore avdelingssjef ved Fylkesmannen i Oslo og Akershus, konsulent i kommunal- og arbeidsdepartementet og fagleg leiar hos Barneombodet. Ho er tilsett i Redd Barna, men har vore heiltidspolitikar sidan 2011 og er ordførar i Oslo frå 2015.

Ho blei aktiv i Sosialistisk Venstreparti i 1970-åra og blei først vald inn i Oslo bystyre for partiet i 1979–83. Sidan 1995 har ho hatt plass i bystyret, i fleire periodar som gruppeleiar for partiet. I Oslo bystyre har ho mellom anna arbeidd med kultur og utdanning, helse, samferdsel og miljø, og ho har vore ordførarkandidat for SV i Oslo ved lokalvala sidan 2007. I perioden 1989–2005 var ho òg vararepresentant til Stortinget for SV frå Oslo.

Borgen har arbeidd med rettane til barn nasjonalt og internasjonalt sidan 1985. Politisk har ho markert seg i samband med bygginga av eit nytt Munch-museum, og ho vil arbeide for eit grønare Oslo gjennom å styrkje sykkel- og kollektivtilbodet. Som ordførar er målet å redusere klasseskilnadene, skape gode oppvekstvilkår og trygge barnehagar.

Marianne Borgen var medlem av styra for Aker sjukehus og Oslo Universitetssjukehus fram til 2012, og ho er nestleiar i styret for Sykehusklovnene og medlem av styret for gatemagasinet =Oslo.

Kjelder

Hanne Mauno: «Marianne 'Mor Oslo' Borgen», dagsavisen.no: http://www.dagsavisen.no/helg-nye-inntrykk/portrett/marianne-mor-oslo-borgen-1.423437 [lesedato 27.10.2015]

«Marianne Borgen enstemmig innstilt som listetopp i Oslo», sv.no: https://www.sv.no/oslo/2014/10/15/marianne-borgen-enstemmig-innstilt-som-listetopp-for-oslo-sv/ [lesedato 27.10.2015]

Marianne Borgen, «Representantar og komitear», stortinget.no: https://www.stortinget.no/nn/representantar-og-komitear/representantane/Dagens-motande/Representant/?perid=MARB [lesedato 27.10.2015]

Peikarar

David Bach: «Stolt storebror: Slik er Oslos nye ordfører», vg.no

Nilas Johnsen: «Marianne Borgen om å erstatte Fabian Stang: 'Som å hoppe etter Wirkola'», vg.no

Kjersti Nipen: «Marianne Borgen tapte slaget, men vant krigen», aftenposten.no

Kjersti Strømmen ofl.: «Marianne Borgen blir ordfører i Oslo», nrk.no

Først publisert: 05.01.2016
Sist oppdatert: 09.03.2017