Hopp til innhold
X
Innhald

Mikhail Bakhtin

Mikhail Bakhtin (1895–1975) var ein russisk litteraturforskar og språkfilosof. Han fall i unåde hos styresmaktene i 1929 og vart forvist til Kasakhstan. I Vesten vart skriftene hans først kjende omkring 1970.

Ein av dei første som såg potensialet i skriftene hans, var Kjartan Flogstad. Bakhtin legg vekt på at språket er dialogisk og alltid er ei form for svar på tiltale. I litterære verk ser han eit mangfald av ulike røyster som kjem til orde, noko han framhevar i Problemer i Dostojevskijs forfatterskap. Han hevdar at denne diktaren skriv polyfont, han let ulike røyster bli ståande mot kvarandre. 

Eit anna verk som fekk mykje å seia, var arbeidet om renessansediktaren Rabelais og karnevalet. Her peikar Bakhtin på ein opprørsk tradisjon heilt frå antikk komedie, der det er legitimt å le av høge personar og sanningar, men innan visse rammer (i karnevalstida, i visse sjangrar). Desse tankane kom frå 1970-talet av til å spela ei rolle for folkelege rørsler, som spela ut lått og ironi mot makta. Også i målrørsla slo desse impulsane inn.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 16.10.2018
Sist oppdatert: 16.10.2018