Hopp til innhold
X
Innhald

Mikhail Barysjnikov

Mikhail Barysjnikov, fødd 1948, er russisk dansar. Barysjnikov var solist i Kirov-balletten før han hoppa av i Canada i 1974. Seinare var han dansar og ballettsjef i American Ballet Theater. Han har sett opp mange ballettar av dei store klassikarane. I 1990–2002 var Barysjnikov kunstnarisk leiar for «The White Oak Dance Project», eit moderne dansekompani i USA. Dessutan står han bak Baryshnikov Arts Center, som opna i New York i 2005.

Først publisert: 08.01.2014
Sist oppdatert: 08.01.2014