Hopp til innhold
Milada Blekastad
Milada Blekastad
Foto: Lillehammer museum. Publisert med rett til vidarepublisering med namngiving.
X
Innhald

Milada Blekastad

Milada Blekastad var ein særmerkt personlegdom i norsk kulturliv. Ho kom frå Praha til Noreg som ungjente. Her levde ho resten av livet og vart ein framståande formidlar av tsjekkisk litteratur og kultur.

Milada Blekastad var fødd Milada Topicová i Praha 1. juli 1917 og døydde 25. oktober 2003. Far hennar var ein kjend forleggjar, Jaroslav Topic, og mora var omsetjar. Milada kom til Gausdal i 1933 og gifta seg i 1934 med målaren Hallvard Blekastad (1883–1966).
 
Alt i 1939 omsette ho Dei svarte hestane av Tarjei Vesaas til tsjekkisk, og same året gav ho ut Tsjekkiske eventyr på norsk, den første av fire samlingar. I 1942 kom Gjennom fonna av Inge Krokann på tsjekkisk. Seinare omsette ho helst frå tsjekkisk til norsk.
 
Frå 1957 til 1987 underviste Blekastad i tsjekkisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Ho tok doktorgrad med avhandlinga Comenius: Versuch eines Umrisses von Leben, Werk und Schicksal des Jan Amos Komenský. Ho gav ut ein biografi om Komenský på norsk òg, Menneskenes sak (1977).
 
Blekastad omsette mange tsjekkiske forfattarar til norsk, Karel Capek, Václav Havel, Ivan Klíma, Milan Kundera og fleire, og ho skreiv ei tsjekkisk litteraturhistorie i to band. Dessutan skreiv ho ei mengd artiklar og var mykje nytta som foredragshaldar og kåsør. Ho vart statsstipendiat i 1970.
 
Milada i Gausdal
Milada Topicová kom til Gausdal etter invitasjon frå Inge Krokann. Ho var knapt 17 år då ho gifta seg med den mykje eldre målaren, læraren, antroposofen og målmannen Hallvard Blekastad og slo seg ned i Lom. I 1937 flytta dei til Gausdal, der dei dreiv hagebruk og underviste ein barneflokk på sju heime. Milada var oppteken av barneoppseding. Då dei første borna var små, dreiv ho gratis barnehage i heimen. Seinare gjekk borna på steinerskule i Oslo, då mora arbeidde der.
 
Milada hadde eit uvanleg godt språkøyre. Ho meistra både bokmål og nynorsk, og ho snakka gausdalsdialekt utan aksent. Ho avbraut skulegangen då ho kom til Noreg, men heldt fram med å studere på eiga hand. Utan formell kompetanse underviste ho i tsjekkisk litteratur ved Universitetet i Oslo frå 1957.
 
Den lærde Milada
Blekastad var sterkt oppteken av den tsjekkiske humanisten og filosofen Komenský, eller Comenius. Etter grundige studiar leverte ho i 1969 det store verket om han til doktorgraden i Oslo. Arbeidet handla ikkje berre om livet og tenkinga, Comenius vert sett inn i straumdraga i europeisk åndsliv, kultur og politikk på 1600-talet. Boka var eit nybrottsarbeid og vart raskt eit internasjonalt standardverk. Blekastad heldt fram med Comenius-forskinga og la fram nytt stoff seinare òg. Ho skreiv ein kortare monografi om Comenius på norsk, Menneskenes sak, og omsette to av verka hans.
 
Formidlar av tsjekkisk litteratur
Blekastad har gjort ein eineståande innsats for å formidle tsjekkisk litteratur i Noreg. Då borna var små, omsette ho barnebøker, eventyr og ei bok om dokketeater. Seinare kom mange viktige forfattarar på norsk, både nynorsk og bokmål, ofte var dei opposisjonelle og forbodne i heimlandet. Særleg gjekk ho inn for å gjere Václav Havel kjend i Noreg. Ho omsette drama og essays, i 1990 kom Forsøk på å leve i sannhet, essays utvalde av omsetjaren. Ho omsette også fleire romanar av Milan Kundera.
 
Blekastad skreiv ei litteraturhistorie i to band om tsjekkisk litteratur, Millom aust og vest (1958) og Millom bork og ved (1978). Verket er breitt opplagt og ser litteraturen i høve til kultur og samfunn i Europa. I 1985 gav ho ut ein biografi om nobelprisvinnaren frå 1984, Jaroslav Seifert, og i 1983 ei bok om mannen sin, Hallvard Blekastad. Glimt frå eit kunstnarliv.
 
Blekastad fekk mange prisar for arbeidet sitt. Charta 77 gav henne ein orden i 1988, utdelt av Václav Havel, og ho fekk den tsjekkiske fortenestemedaljen av 1. klasse i 1997. I Noreg fekk ho Bastianprisen for omsetjinga av Øksa av Ludvík Vaculík og Gjelsvikprisen for Verdsens labyrint og hjertets paradis av Comenius.
 
Kjelder
Milada Blekastad: Hallvard Blekastad. Glimt frå eit kunstnarliv. Oslo 1983
Tor Blekastad: «Barndom i Åndsreppa i Gausdal», Årbok for Gudbrandsdalen 2007. 2007
Karen Gammelgaard: «Milada Blekastad in memoriam», Scando-Slavica, Tomus 50. 2004
Kåre Langvik-Johannessen: «Milada Blekastad», Norsk biografisk leksikon, bd 1. Oslo 1999 

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 11.04.2018