Hopp til innhold
X
Innhald

Émile Antoine Bourdelle

Émile Antoine Bourdelle [bordel], 1861–1929, var fransk bilethoggar.

Bourdelle førte patosen til Auguste Rodin vidare i eit forenkla formspråk. Kjende verk er mellom anna Herakles (1909) og Mickiewicz-monumentet i Paris (1929).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 28.09.2016