Miranda Bødtker
Miranda Bødtker var mønsterteiknar og forskingsformidlar. Ho laga tusenvis av illustrasjonar innanfor fleire vitskapsgreiner, med særleg vekt på botanikk.
Miranda Bødtker var fødd i Bergen 25. juli 1896, der ho budde til ho døydde 2. juli 1996. Ho utdanna seg ved Kunsthøgskulen i Bergen (1913–16) og ved Tekniska skolan i Stockholm (1916–17). Frå 1920 til 1956 var ho tilsett som lærar i mønsterteikning ved Kunsthøgskolen i Bergen. I tillegg tok ho på seg dokumentasjonsoppdrag for Bergen Museum og Universitetet i Bergen.
Bødtker sitt teiknetalent synte seg særleg i hennar skarpe auge for detaljar. Ho var interessert i flora og fauna og henta inspirasjon og motiv i naturen. Plantar og dyr vart attgitt med ein fotografisk detaljrikdom som fekk vitskapsmenn til å hyre henne som dokumentarist. Ho var med arkeologar på feltarbeid for å teikne helleristingar. Saman med botanikarar drog ho ut i naturen for å teikne levande blomstrar, og ho leverte tusentals illustrasjonar til Rolf Nordhagens Norsk flora (første teksthefte i 1940 og seinare fleire illustrerte utgåver) og Leif Ryvarden (red.): Norges planter (1993). Før ho døydde, overlét ho alle planteteikningane til Universitetet i Bergen.
Interessa for kunsthandverk inspirerte henne til å reise rundt i bygdene for å sikre teikningar av vevekunst og rosemåla møblar. I 1950-åra vart ho engasjert av Det Hanseatiske Museum i Bergen til å teikne veggmåleria i tørrfiskbodene i byen. Bodene frå 1600- og 1700-talet skulle rivast, men Bødtker rakk å kopiere fleire hundre av originalmåleria, nokre av dei i fullskala. Dei fleste av bileta inngår no i Det Hanseatiske Museum sine samlingar, og nokre kan ein sjå på Norges Fiskerimuseum.
Bødtker vart æresmedlem i Norsk Botanisk Forening i 1988. I 1986 fekk ho Kongens fortenestemedalje i gull for det omfattande dokumentasjonsarbeidet innanfor natur-, kunst- og kulturhistorie.
Kjelder
Dagfinn Moe (red.): Miranda Bødtker 1896–1996. 100 år i kunsthåndverkets og dokumentasjonens tjeneste. Bergen 2006
Knut Fægri ofl.: «Pionerene som utforsket Hordalands natur», grind.no, publisert 28.10.2004: https://www.grind.no/folk-samfunn/pionerene-som-utforsket-hordalands-natur [lesedato 1.9.2018]
NRK Radio: «Kunst i tørrfiskboder», nrk.no: https://radio.nrk.no/serie/museum/DOOF01000617/11-02-2017 [lyttedato 2.9.2018]
Peikarar
Teikningar av Miranda Bødtker, google.no
Sist oppdatert: 12.02.2019