Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Breidvik

Mons Breidvik, teiknar, målar og bokkunstnar, var mykje omtykt for stødige portrett og kjenslevare teikningar av badande småbarn. Dei største utsmykkingsarbeida utførte han i USA.

Breidvik var fødd i Brekke i Sogn 15. januar 1881 og døydde 15. august 1950 i Kvam i Hardanger. Odelsguten Mons sa frå seg garden og søkte kunstnarvegen, inspirert mellom anna av Harriet Backer, men mest av Erik Werenskiold. Sogningen slo seg ned i Norheimsund og vart ein mykje nytta portrettkunstnar. Velkjend vart han òg for dei yndefulle barnemotiva sine, vidt spreidde i grafisk form.
 
Han illustrerte ei rad bøker og stimulerte kuntnarlege behov hos barn gjennom teikningar i barneblad. Medan han var busett i New York 1925–36 leverte han omfattande kyrkjeprydnad i Grace Episcopal Church og utsmykking i Straubenmuller Textile High School. Breidvik hevda sterkt Vestlandet sin plass i norsk kunstliv og heldt tidleg fram kravet om eit eige vestnorsk kunstakademi som motvekt til akademiet i Oslo. Vestlandets Kunstakademi, no Kunsthøgskolen i Bergen, vart skipa i 1973.

Mons Breidvik var sterkt opptatt av å fremje norskdom i kunst og handverk, klesdrakt, byggeskikk og hus- bunad. Breidvik har måla fleire ungdomslagsfaner, blant anna fana til BUL Ervingen frå 1914 (der hakekrossen var måla på baksida, men seinare til- dekka) og fanene til Heggelandsdalen Ul, Sognalaget i Bergen (den gamle) og Hafslo Ul.

 
Kjelder

Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015.

Reidar Storaas: Vestlandskunstnaren Mons Breidvik. Førde 2000

Først publisert: 12.11.2009
Sist oppdatert: 12.12.2017