Hopp til innhold
Forfattar Morten Bjerga. Foto: Grete Hetland. Henta frå Det Norske Samlaget
X
Innhald

Morten Bjerga

Morten Bjerga (f. 1960 i Sandnes) debuterte med romanen Fyrtårnet (1999). Den handlar om ein prest som bryt ut av kyrkja og startar eit nytt trussamfunn med tolv «disiplar» som bur i eit fyrtårn. Det er ikkje heilt ukomplisert. 

I Maratonmennene (2008) gir han eit muntert-alvorleg portrett av to lett aldrande menn som trenar til maraton.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 12.11.2018