Hopp til innhold
X
Innhald

Narve Bjørgo

Narve Bjørgo, historikar og forskar. Han har gitt viktige bidrag til norsk mellomalderhistorie og var ein sentral person i oppbygginga av Universitetet i Tromsø i 1970-åra.

Bjørgo er fødd 3. mai 1936 i Meland. Han vart uteksaminert med historie hovudfag ved Universitetet i Bergen i 1964 og arbeidde der som vitskapleg assistent til 1970. I 1972 vart han utnemnd til professor i historie ved det nystarta Universitetet i Tromsø. Frå 1985 til 1989 var han rektor ved universitetet. I 1989 vart han så administrerande direktør i Noregs allmennvitskaplege forskingsråd (NAVF), før han frå 1993 til 2006 avslutta karrieren som professor ved Universitetet i Bergen.
 
Bjørgo sin vitskaplege produksjon ligg først og fremst innanfor eldre historie. I midten av 1960-åra var han med på å setje standarden for Regesta Norvegica, ei utgiving av alle kjende norske mellomalderdokument i samandrag. Han har òg vore bidragsytar til mellom anna Norsk utenrikspolitikks historie (1995–97).
 
I 1990- og 2000-åra var Bjørgo ein sentral figur i utforminga av norsk utdannings- og forskingspolitikk. Han har vore særleg engasjert i evaluering av forsking, og i 2002–05 var han den første styreleiaren i NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga). Han har elles vore styreleiar for Statens balletthøgskole (1994–95), Statens operahøgskole (1994–96) og Nynorsk kultursentrum (1998–2002). I 2008 vart han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Tromsø.
 
Peikarar
Helge Salvesen og Hallvard Tjelmeland: «Narve Bjørgo utnevnes til æresdoktor ved Universitetet i Tromsø 28.03.2008», Universitetet i Tromsø, uit.no, http://uit.no/14/4144/16 [Lesedato 17.12.2008]
 
Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 05.06.2013