Hopp til innhold
X
Innhald

Nicolai Cleve Broch

Nicolai Cleve Broch, norsk teater- og filmskodespelar. Han er særleg kjend for filmrollene sine. I 2016 spela han hovudrolla i fjernsynsdramaet Frikjent.

Nicolai Cleve Broch er fødd 14. november 1975 i Bærum. Han voks opp i Oslo og var elev ved Statens teaterhøgskole i 1996–99. Han har vore tilsett ved Oslo Nye Teater og ved Det Norske Teatret. Frå 2005 var han knytt til Nationaltheatret, men frå 2011 har han vore freelansar.

Ved Oslo Nye Teater spela Cleve Broch mellom anna i Hvem er redd for Virgina Woolf? av Edward Albee (2002). Ved Det Norske Teatret medverka han i Måken av Anton Tsjekhov (2003), i Fedras kjærleik av Sarah Kane (2005) og hadde tittelrolla i Frank av Maria Tryti Vennerød (2005). Han har òg seinare gjesta teateret, mellom anna i framsyningane Don Carlos av Friedrich Schiller (2010) og Fedra av Jean Racine (2014). Som tilsett ved Nationaltheatret har han hatt roller som Julian den fråfalne i Ibsens Keiser og galileer (2006), diktaren i Et drømmespill (2008), Demetrius i Shakespeares En midtsommernattsdrøm (2009) og Ludovico i Galileo av Bertolt Brecht (2010). Han spela Olav den heilage i Stiklestadspelet i 2004 og 2011.

Cleve Broch har spela i ei rekkje filmar og fjernsynsdrama. Han debuterte som filmskodespelar i den svensk-norske filmen Sebastian (1995), medan det store gjennombrotet kom med hovudrolla i den romantiske komedien Buddy (2003), der han spela 24-åringen Kristoffer, som bur i eit kollektiv på Tøyen i Oslo.

Året før var han blitt landskjend for rolla som barnehagelæraren Roger i fjernsynsdramaet Lekestue. Han hadde suksess med rollene i filmane Uno (2004) og Uro (2006) og har seinare medverka i Lønsj (2007) og Den siste revejakta (2008). I Max Manus (2008) spela han motstandsmannen Gregers Skram, og for denne rolla blei han nominert til Amandaprisen. Cleve Broch medverka i fjernsynsserien Halvbroren (2013) og hadde hovudrolla som Aksel Borgen i dramaserien Frikjent, som gjekk på TV2 i 2015 og 2016.

Cleve Broch har utvikla seg til å bli ein av dei mest allsidige og respekterte skodespelarane i Noreg.

Kjelder

Camilla Laache: «Nicolai Cleve Broch skjøt med ekte kuler», tv2.no: http://www.tv2.no/a/2867796 [lesedato 14.11.2016]

Kristine Hellem Aanstad: «Cleve Broch og Hennie i høstens store TV-krig: – Vi heier alltid på hverandre», aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/kultur/Cleve-Broch-og-Hennie-i-hostens-store-TV-krig--Vi-heier-alltid-pa-hverandre-454737b.html [lesedato 14.11.2016]

Filmweb: «Nicolai Cleve Broch», filmweb.no: http://www.filmweb.no/profil/article858135.ece [lesedato 14.11.2016]

IMDb: «Nicolai Cleve Broch», imdb.com: http://www.imdb.com/name/nm0110491/ [lesedato 14.11.2016]

Sceneweb: «Nicolai Cleve Broch», sceneweb.no: http://www.sceneweb.no/nb/artist/5702/Nicolai_Cleve_Broch [lesedato 14.11.2016]

Først publisert: 11.05.2017
Sist oppdatert: 16.06.2017