Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Beitohaugen

Nils Beitohaugen var ein mykje brukt og vidgjeten spelemann frå Valdres.

Nils Beitohaugen var fødd 11. oktober 1863 og døydde 20. juli 1927. Han voks opp på Beitohaugen i Øystre Slidre og vart kjend med hardt arbeid frå han var liten. Men mest av alt var den unge guten oppteken av felespel. Han vart tidleg trollbunden av spelet til grannane, særleg Lars Krøsshaugen, som etter kvart skulle verte ein viktig læremeister for han.

I 1888 vart han gift med Sidsel Engebretsdotter Beito. Saman fekk dei tolv born. Ein av dei var Embrik Beitohaugen, som òg vart ein dugande spelemann. Gardsarbeid fekk konkurrere med felespelet, men Nils Beitohaugen gav ikkje opp musikken. Han vart ein markant og vidgjeten spelemann. Han skal sjølv ha fortalt at han spela i over femti bryllaup i slidrebygdene og Vang i Valdres. Av eigenkomponerte slåttar er ein springar som går på same stilling som «Tomasklukkelåtten», den einaste som er kjend. Stillinga vert kalla trollstemt, og det berre tre andre slåttar som vert spela på denne stillinga etter det vi veit.

Beitohaugen var sjeldan utanom heimbygda, men i 1904 vann han ein stor kappleik i Oslo. I samband med denne kappleiken vart det snakk om ei innspeling, men det ville han ikkje ha noko av. Korleis det særmerkte «Beitohaugspelet» lét, må ein tru andre kjelder på. Dr.phil. Torstein Høverstad skreiv: «Det er sjølve uppkomone frå urgrunnen i valdres-sjæla som då bryt fram.» Mange fortalde òg om eit mystisk spel der tonane gjekk veggimellom og ein knapt kunne vite kvar i rommet spelemannen sat, om ein ikkje såg han.

Kjelder

Knut Hermundstad: «Nils Nilsson Beitohaugen», Tidsskrift for Valdres historielag 1939

Nils Tørto: «Spelemennene på Beitohaugen – Nils og Embrik», Verne-Vøla 1985

Nils Tormod Tørto: «Hardingfelemusikken i Valdres», Tidsskrift for Valdres historielag 1963

Først publisert: 05.01.2017
Sist oppdatert: 06.02.2017