Hopp til innhold
X
Innhald

Nora Brockstedt

Nora Brockstedt, fødd 1923, er songar og revyskodespelar. Ho debuterte på Chat Noir i 1943 og har særleg vorte kjend gjennom radio, fjernsyn og ei rekkje plateinnspelingar, mellom anna med Prøysen-tekstar.
Brockstedt starta gruppa The Monn Keys og deltok på ei rekkje innspelingar, før ho gjekk vidare som soloartist.
Songen "tango for to" (1957) var ei landeplage. Ho har vunne den norske finalen i Melodi Grand Prix tre gonger  og i 1974 kom ho på fjerdeplass i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix med Voi Voi.
Nora Brockstedt er også ein kjær jazzvokalist, men kom med sin første heile engelskspråklege jazzplate først i 2004, 81 år gamal.
Brockstedt fekk Spellemannprisen i 1974.
Sjå opptak frå 1960: Nora Brockstedt Voi Voi

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.11.2013
Sist oppdatert: 01.11.2013