Odd Bang-Hansen
Odd Bang-Hansen, 1908–84, var forfattar, omsetjar og mangeåring formann i Den norske Forfatterforening
Odd Bang-Hansen, 1908–84, var forfattar. Han debuterte med Fager er studentens drøm i 1938. Etter krigen følgde mellom andre Ringen rundt brønnen (1946), med handling frå okkupasjonstida, I denne natt (1947) og Fly hvite due (1953). Bang-Hansen skreiv ein del høyrespel og fleire barnebøker, mellom andre dei prislønte Trapp med 9 trinn (1952) og Spillemann på flukt (1957). Han skreiv manuskriptet til spelefilmen Skrift i sne (1966), som sonen Pål Bang-Hansen regisserte, og han omsette bøker som Vladimir Nabokovs roman Lolita, som kom på norsk i 1959, og Astrid Lindgrens Mio, min Mio, som kom på norsk i 1955.
Bang-Hansen var formann i Den norske Forfatterforening i perioden 1965–71. Han fekk Norsk Kulturråds oversetterpris i 1977 og Bastianprisen i 1959.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 21.04.2016