Hopp til innhold
X
Innhald

Odd Bang-Hansen

Odd Bang-Hansen, 1908–84, var forfattar. Han debuterte med Fager er studentens drøm i 1938. Etter krigen følgde mellom anna Ringen rundt brønnen i 1946, med handling frå okkupasjonstida, I denne natt i 1947 og Fly hvite due i 1953. Han skreiv òg ein del høyrespel og fleire barnebøker, mellom andre dei prislønte Trapp med 9 trinn frå 1952 og Spillemann på flukt frå 1957.
 
Bang-Hansen var formann i Den norske Forfatterforening i perioden 1965–71. Han fekk Norsk Kulturråds omsetjarpris i 1977 og Bastianprisen i 1959.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013