Hopp til innhold
Oddbjørn Bukve. Foto: Universitetsforlaget.
Oddbjørn Bukve. Foto: Universitetsforlaget.
X
Innhald

Oddbjørn Bukve

Oddbjørn Bukve, professor i organisasjon og leiing, har forska på utfordringane til moderne kommunar – som han meiner må bli større, sterkare og meir demokratiske.

Oddbjørn Bukve er fødd 8. juni 1951 i Jostedal, Sogn og Fjordane. Han tok examen artium ved Sogndal gymnas i 1970, magistergraden i administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen i 1977 og doktorgrad same staden i 2001. I 1977 byrja han som førstesekretær ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Han var forskingsleiar ved Finnmark distriktshøgskole i 1981–83 og forskar ved Norsk institutt for by- og regionforskning i 1983–86. Sidan 1986 har han vore tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, frå 2002 som professor.

Forskinga til Bukve krinsar om kommunal- og regionalpolitikk. Han har vurdert organisasjonsendringane som følgde omlegginga av distriktspolitikken rundt 1980 og har sett på korleis overgangen frå hierarkisk til likeverdig samarbeid har arta seg i praksis. I doktoravhandlinga analyserer han effekten av lokale nettverk for næringsutvikling. Han finn at kommunar med sterke band mellom offentlege og private aktørar er dei som i størst grad greier å skape vekst.

Bukve meiner at kravet til kvalitet i velferdstenestene er eit argument for større kommunar, og at generalistkommunen si tid kan vere forbi. Samanslåingar kan òg gi demokratisk gevinst, sidan det er eit misforhold mellom den vesle kommunen der vi bur og kan stemme ved val, og den store arbeidsmarknaden som vi pendlar til, men der vi ikkje kan påverke samfunnsutviklinga.

Kjelder

«Oddbjørn Bukve», Sogn og Fjordane fylkesleksikon, nrk.no: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Oddbj%C3%B8rn_Bukve [lesedato 10.1.2015]

Curriculum vitae, bukve.org: http://bukve.org/Oddbu/CVOBU%2007.htm [lesedato 10.1.2015]

Peikarar

Oddbjørn Bukve: «Farvel til generalistkommunen», kommunal-rapport.no

Oddbjørn Bukve: «Lokale utviklingsnettverk. Ein komparativ analyse av næringsutvikling i åtte kommunar«, avhandling for dr.philos.-graden». Bergen 2000

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 24.08.2015