Hopp til innhold
Øivind Blunck. Foto: privat. Brukt med løyve for Allkunne.
Øivind Blunck. Foto: privat. Brukt med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Øivind Blunck

Øivind Blunck, skodespelar, songar og komikar som har nådd ut til eit breitt publikum og er ein av dei mest brukte revyartistane i Noreg. Han er ein folkeleg humørspreiar, mellom anna med karakterane «Reidar» og «Fridtjof».

Øivind Blunck er fødd i Oslo 28. desember 1950. Han byrja som skodespelarelev ved Det Norske Teatret i 1969, debuterte som skodespelar same staden i 1970 og var fast tilsett ved teateret frå 1972. I 1985 hadde Blunck gjennombrotet sitt som musikalartist i Cats. Han har hatt sentrale roller i Les Misérables (1988), Sweeney Todd (1991), Tolvskillingsoperaen (1992), og Brørne Østermanns huskors (1992). Han spela òg Frank Butler i Annie get your gun på Chateau Neuf (1986). Han hadde fleire one-man show på Dizzie Showteater på 2000-talet, spelte i musikalen Jeppe (2014) og Diva and the Beast (2015) på Chat Noir. I 2016–17 har han turnert med showet Absolutt Øivind.

I barne-TV i 1970-åra utgjorde han saman med Sverre Anker Ousdal figurane Klabb og Babb. Gjennombrotet som revyskodespelar kom i Revy-83 på ABC-teatret. Her hadde han mellom anna rolla som assyrologen Henrik Meisel i forviklingskomedien Den spanske flue (1989), ei oppsetjing som er send fleire gonger i fjernsynet. Blunck har spela i fleire revyar saman med Hege Schøyen: Bare gode venner (1992–94), Fast følge (1996) og Sammen igjen (2007). Ikkje minst er han kjend for humoristiske roller som tenåringen «Reidar» og mopedoriginalen «Fridtjof» frå Ytre Enebakk. Øivind Blunck har gjort fleire plateinnspelingar og har medverka i ei rekkje filmar, mellom anna som kriminalkonstabel Valter Holm i fem av Olsenbanden-filmane.

Han er tildelt Leif Justers ærespris i 1984, Jens Book-Jenssens ærespris i 1988, Leonard-statuetten (norsk revys ærespris) i 1998 og heidersprisen under Komiprisen i 2012. 

Sjå video av Øivind Blunck som karakteren «Reidar»:


Kjelder

Thorleif Andreassen: «Fredstyven Fridtjov har navnedag», Aftenposten 10.10.1999

Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. 1963–1988. Oslo 1998

Sceneweb: «Øivind Blunck», sceneweb.no: http://www.sceneweb.no/nb/artist/20855/Øivind_Blunck-1950-12-28 [lesedato 1.11.2016]

Først publisert: 11.05.2017
Sist oppdatert: 31.07.2017