Hopp til innhold

Ola Bremnes

Ola Martin Bremnes er ein nordnorsk musikar, forfattar og trubadur. Han har gitt ut ei rekkje album og har mellom anna tolka og sett nye melodiar til tekstar av nordlandspresten Petter Dass.

Ola Bremnes er fødd i Svolvær 18. april 1955. Han er busett i Borkenes, Kvæfjord i Troms. Hen er utdanna lærar med tilleggsutdanning i engelsk og arbeidde som lærar dei første ti åra, før musikken blei heiltidssyssel.

Den første plateinnspelinga, Folk i husan, kom i 1980. Saman med syskena Kari og Lars Bremnes har han mellom anna gitt ut platene Ord fra en fjord (1992) og Soløye (2000). Bremnes er kjend for tolkingane sine av tekstar av Petter Dass, som han òg har sett ny musikk til. Oppsetjinga Vær hilset! kom som plate i 1995 og har vore framført på ei rekkje festivalar. Melodien «Mi pia. Din gutt», frå albumet Livstegn (2004), det første soloalbumet hans, sette historisk rekord på Norsktoppen, med 95 veker på rad. Visa «Har du fyr» har vorte allemannseige gjennom nyinnspelinga til den nordnorske gruppa Hekla stålstrenga. Han har skrive tekstar og melodiar til fleire av platene til Kari Bremnes, mellom anna «E du nord» på albumet Og så kom resten av livet (2012).

Bremnes har skrive fleire bøker. Nu vil vi legge ut (1983) og Jubel og sang (1997) inneheld salmar, songar og viser. Kirkemellom (2001) er ei vakker biletbok om nordnorske kyrkjebygg. I 2007 kom barneboka Trøbbel i trapesen. Han har òg medverka med tekstar til ei rekkje framsyningar.

Ola Bremnes fekk Spellemannprisen for Soløye, saman med Kari og Lars Bremnes, i 2000. Han har òg fått Blixprisen (1994), Nordlysprisen (2004) og Prøysenprisen (2009).

Kjelder

Tore Skadal: «Den definitive Dass», Harstad Tidende 18.9.2017, ht.no: http://www.ht.no/kultur/2017/09/18/Den-definitive-Dass-15325060.ece [lesedato 14.11.2017]

Heimesida til Ola Bremnes, olabremnes.no: http://www.olabremnes.no/ [lesedato 14.11.2017]

Peikarar

NRK TV: «Folk. En fyr fra Bremnes», nrk.no

Først publisert: 08.03.2018
Sist oppdatert: 23.08.2019