Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Eiriksson Bø

Ola Eiriksson Bø, lærar, målmann, pioner innanfor den kristelege folkehøgskulen, avis- og museumsgrunnleggjar. I 1899 skipa han Valdres folkehøgskule.

Ola E. Bø var fødd 14. september 1867 i Nord-Aurdal i Valdres og døydde 26. januar 1917 same staden. Bø var gardbrukarson, og etter allmugeskulen gjekk han lærarskulen på Hamar. Dei neste åra var han lærar ymse stader, mellom anna tre og eit halvt år i USA og på amtsskulen i Aust-Agder (1897–99).
På eit ungdomsstemne i Valdres sommaren 1899 la han fram den tanken at det burde skipast ein folkehøgskule, og alt 2. oktober 1899 var Valdris folkehøgskule ein realitet i Vestre Slidre. I 1911 flytta skulen til dagens skuletun på Leira i Nord-Aurdal. Bø var styrar så lenge han levde.
Frå 1901 var Bø den drivande krafta i skipinga av eit museum i Valdres, og 7. juni 1906 opna det som seinare har fått namnet Valdres Folkemuseum. Bø var formann i museumsstyret til han døydde.
Bø var leiande i målarbeidet i Valdres og sat i styret for Austmannalaget 1903–05. I 1903 var han med og grunnla avisa Valdres og i 1909 Bonden (Lillehammer), som mellom anna Austmannalaget stod bak.
Valdres folkehøgskule høyrde til i tradisjonen av frilynte folkehøgskular skipa av norskdomsrørsla, men stod i livssyn nærmare dei kristelege ungdomsskulane som lekmannsrørsla stod bak. Bø var ein skarp kritikar av sentrale delar av moderniseringa av samfunnet. Han rekna skipinga av folkehøgskulen som «ei åndeleg fyrebuing til Valdrisbanen» (opna 1906).
Kjelder
Trygve Bjørgo: «Sterk innsats frå Ulnes (del 3)», Valdres 11.11.1983
Jakob Haraldseid (red.): Austmannalaget i 25 år. Hamar 1924
Oddmund L. Hoel: Norsk målreising II. Mål og modernisering 1868–1940. Oslo 2011
G.O. Hovi (red.): «Folkehøgskulestyrar O.E. Bø», Valdres. 900-årsskrift 1923. Fagernes 1923
Harald Hvattum: Valdres folkemuseum 1901–2001. Fagernes 2001
Else Kveine: Myra skule: 150 år 1998. Lillehammer 1998
Knut Lauvrud: Valdres ungdomslag 100 år. 1899–1999. Fagernes 1999
Olav O. Uleberg: Kultursoge for Evje og Hornnes, bd. 1. Evje 1990
Ivar Aars, Trond Bollerud og Torkjell Asheim (red.): Heimsyn. Valdres folkehøgskule 1899–1999. Hundreårsskrift. Leira 1999

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 03.09.2013