Hopp til innhold
Olaf Berg med kona Petrine Antonie («Tine», fødd Roel) og barna. Julekort frå 1896. Ukjent fotograf. Kjelde: Åsen Museum og Historielag, Flickr.com CC BY 2.0.
Olaf Berg med kona Petrine Antonie («Tine», fødd Roel) og barna. Julekort frå 1896. Ukjent fotograf. Kjelde: Åsen Museum og Historielag, Flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Olaf Berg

Olaf Berg var forretningsmann i Steinkjer, med kunstnarnamnet Martin Kvænnavika. Han var ein fargerik fargar, som levde eit eventyrleg liv på to kontinent, og han var ein frodig forteljar.

Olaf Berg var fødd 11. november 1855 og døydde 2. januar 1946. Han var ein sentral person i kulturlivet i Steinkjer frå sist på 1800-talet og heilt til han døydde. Han dreiv fargehandel og spinneri, men han er mest kjend som skrønemakar, visediktar, rimsmed og historikar.

Berg hadde eit mangfaldig liv bak seg som handverkssvein, jarnvegsslusk, kokkeassistent, skreddar, hotelltenar, gullsmed og fargar i Danmark, Sverige og USA då han kom heim til Steinkjer for å ta over familieverksemda i 1888. Han hadde òg rodd fiske i Lofoten.

Historiene om skipper Martin Kvænnavika på Survikjekta blei først framførte offentleg då steinkjermannen Otto Sverdrup, skipperen på Fram, polarskuta til Fridtjof Nansen, blei hylla ved heimkomsten etter turen mot Nordpolen i 1896. Forteljinga heitte «Da hain Martin Kvænnavika sægla te Norpol'n me' Survikjækta». Historia blei trykt i Trondheimsavisa Dagsposten og fekk god mottaking hos lesarane.

I 1899 kom skrønene om Martin Kvænnavika sine vidgjetne ferder ut i bokform, med tittelen Dikt og skrøner. Seinare kom 13 bøker om desse ferdene til dei ytste utpostane på kloden. Dei er trykte opp att mange gonger seinare og er ein del av den inntrøndske dialektkulturen.

Figurane på Survikjekta fekk namn som Kal Hel'n, Graut-Simen, Frøskatt-Ainners, Stor-Sivert, Skryt-Mekkel og Barolina, som var trise (oppvartingsdame) om bord.

På sine eldre dagar skreiv Berg ned historier frå det mangfaldige livet sitt. Han skreiv òg ned ungdomsminne frå Steinkjer, og dei er viktig dokumentasjon om livet i byen frå sist på 1800-talet og først på 1900-talet.

Det meste han skreiv, var på inntrøndsk talemål. Men språket hans var munnleg farga også når han ikkje skreiv på dialekt.

Kjelder

Morten Stene: Bli dus med Steinkjer. Steinkjer 1996

«En 65 aars dag – Hans Berg – Martin Kvænnavika», Avisa Nord-Trøndelag 11.11.1920 

 

«Berg, Olaf», Steinkjerleksikonet: http://www.steinkjerleksikonet.no/index.php?artikkel=56 [lesedato 20.10.2017]

 

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 08.11.2018