Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Beito

Olav Toreson Beito, professor og nynorsk språkgranskar. Han studerte dialektar og stadnamn og gav i 1970 ut den største nynorske grammatikken etter Ivar Aasen.

Olav Beito var fødd i Øystre Slidre 30. mars 1901 og døydde i Oslo 28. september 1989. Han tok examen artium på latinlina ved Voss offentlege landsgymnas i 1923, vart cand.philol. i 1932 og dr.philos. i 1942 på avhandlinga R-bøygning. Etterrøknader i norsk formlære.
Beito var lektor i Fredrikstad i 1936–46 og i Oslo i 1946–57. Samstundes arbeidde han i Norsk Ordbok i 1943–45 og 1953–57. Han vart dosent i nordisk, særleg nynorsk målvitskap ved Universitetet i Oslo i 1957 og professor i nordisk målvitskap 1959–71. Han var samtidig styrar for Norsk målførearkiv.
Beito gav mellom anna ut Norske sæternamn (1949), Nynorsk målgransking (1960) og Norske målføretekster (1963). I 1970 gav han ut Nynorsk grammatikk. Lyd og ordlære. Det var den største nynorske grammatikken etter Ivar Aasens Norsk Grammatik i 1864. Grammatikken er i hovudsak deskriptiv, men vert normativ ved at hovudmønsteret alltid er nynorsk normalmål og gjeldande rettskriving. Han var medredaktør for det første bandet av Norsk ordbok (1966). Under pseudonymet Ola Øyang gav han ut diktsamlinga Gammal årgang (1972).
Beito var medlem av Norsk språknemnd 1957–72 og var i Språknemnda leiar for komiteen som fastsette norsk grammatisk terminologi.
Beito vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1951. Han var òg medlem av Kungl. Humanistiska Vetenskaps-Samfundet i Uppsala og av Kungl. Gustav Adolfs Akademien.
Kjelder
Olav T. Beito: Artiklar og taler i utval. Oslo 1979
Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk. Lyd og ordlære. Oslo 1986
Jarle Bondevik: «Olav T. Beito», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999
Hallvard Magerøy og Kjell Venås (red.): Mål og namn. Studiar i nordisk mål- og namnegransking, festskrift (med bibliografi) til Olav T. Beito. Oslo 1972
Kjell Venås: «Olav T. Beito 1901–1989», Norsk Lingvistisk Tidsskrift nr. 8/1990

Først publisert: 03.05.2010
Sist oppdatert: 01.06.2011