Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Berkaak

Olav Berkaak, lærar, diktar og lokalhistorikar som skreiv artiklar og romanar om hendingar og personar frå heimstaden i Trøndelag.

Olav Berkaak var fødd i Rennebu i Sør-Trøndelag 6. november 1915 og døydde 5. januar 1980. Han vart tilsett som lærar ved Ringsaker Folkehøgskole på Hedmark i 1949 og hadde resten av yrkeslivet der. I 1953 debuterte han som forfattar med romanen Snø og eld. Det var den første i ein serie på fem, alle med same hovudperson og alle med motiv frå barndomstraktene. Han var ein flittig bidragsytar til Rennebu Historielag, med fakta- og underhaldningsstoff.

I Snø og eld er handlinga lagd til 1850–1880. Sentralt står etableringa av St. Olavs jernverk i Flåmoen og brytninga det skapte mellom bondekultur og industrireising. Berkaak diktar fritt, men tek utgangspunkt i folk som hadde tilknyting til jernverket, og som er omtalte med sine rette namn. Det ædle malm (1956) og dei tre følgjande bøkene fortel om livet i bygda etter at jernverket var lagt ned, med Jo Løkkjbakkom som gjennomgangsfigur. Forteljinga vart avslutta med Den siste jernnatt i 1979.

I tillegg til romanane gav Berkaak ut debattboka – og du skal leve lenge i landet (1968). Der kritiserer han moderne eldreomsorg på aldersheimar, som ifølgje Berkaak ikkje er nokon heim, men offentleg forvaring. Som lokalhistorikar utdjupar han temaa frå romanane. I det første nummeret av Rennebu Historielag sitt årsskrift har han ein artikkel om jernverket. Seinare skriv han om lokale handverkstradisjonar og gjestebodskikkar, gamle segner og anekdotar om fargerike rennbyggar.

Berkaak skreiv nynorsk, med eit rikt innslag av rennebudialekt. For nynorsken sin fekk han Melsomprisen i 1957 og Sunnmørsprisen i 1968.

 

Kjelder

Birgit Foss: «Olav Berkaak – lokalhistorikar og diktar», i Rennebu Historielag: Årsskrift 2007.

Johan Frydenlund: «Olav Berkaak. Minnetale» i Rennebu Historielag: Årsskrift 1980, kopi frå historielaget v/ Ingrid Lånke 9.11.2018

 

Hans H. Skei: «To gløymde trilogiar», Vegen til bøkene, 1993, digital utgåve, nb.no: https://www.nb.no/items/1aefd05c75bf07d0854e10c14e34f653?page=61&searchText=olav%20berkaak [lesedato 5.3.2019]

 

Peikarar

Bilete frå Ringsaker Folkehøgskole 1955, digitaltmuseum.no

Digitaliserte bøker av Olav Berkaak på Nasjonalbiblioteket, nb.no


Sist oppdatert: 14.08.2019