Hopp til innhold

Olav Bø

Olav Bø, professor i folkeminnevitskap, var ein mykje brukt popularisator av faget sitt. Folkekjær som han var, formidla han kunnskapen sin gjennom ulike medium også langt utanfor akademiske sirklar.

Olav Jørundsson Bø var fødd i Bygland i Aust-Agder 19. mai 1918 og døydde 26. juli 1998. Etter examen artium ved Hornnes gymnas i 1938 gjekk gardbrukarsonen på befalsskule i Kristiansand fram til 1940. Under andre verdskrigen følgde lærarskuleeksamen i 1942 og motstandsarbeid.
Bø studerte filologi frå 1946 og vart cand.philol. frå Universitetet i Oslo med norsk hovudfag 1950 og hovudoppgåve om Johannes Skar. Fem år seinare vart Bø dr.philos. med avhandlinga Heilag-Olav i norsk folketradisjon.
Frå 1956 arbeidde han som førstearkivar ved Norsk folkeminnesamling, frå 1970 vart han dosent ved Institutt for folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo og frå 1974 og til pensjonsalder professor same staden.
Fast forankra i forskingstradisjonen frå Moltke Moe og Knut Liestøl fokuserte Bø på hevdvunne og deskriptive forklaringsmodellar i folkeminnevitskapen. Bø heldt fast ved etablerte forståingsmåtar i faget gjennom heile sitt virke, sjølv når forskingsfronten endra seg i dei seinaste åra han var aktiv.
Bø var forskar og forfattar med mange interessefelt. Viktig i ein vitskapleg kontekst er samarbeidsprosjektet med Ådel Gjøstein Blom, Norske balladar (1973). I den populærvitskaplege serien Norsk kulturarv var han med i «Kulturervingen», redaksjonsnemnda for dette verket. Sjølv skreiv han første bindet Norsk skitradisjon (1966) og saman med Ørnulf Hodne ellevte bindet Norsk natur i folketru og segn (1974).
Som medarbeidar i Norges litteraturhistorie nådde han store lesargrupper. Her gir han ei informativ utgreiing om ulike sjangrar innanfor folkediktinga og tangerer spørsmål om opphav, utbreiing og innsamling. Siste arbeidet han gav ut, var Peter Christen Asbjørnsen 1997. Posthumt kom boka om skikongen og motstandsmannen Johan Grøttumsbråten.
Bø deltok i mange NRK-program. Språkrøkt og målsak var viktig for Bø, som heldt fast ved byglandsdialekten heile livet. Han skreiv eit folkeleg og lett forståeleg nynorsk. Artiklar om ulike emne publiserte han i dagspressa og tidsskrift som Kirke og kultur, Norsk husflid og Syn og Segn.
Han var høgt respektert som ein inspirerande førelesar. Året før han døydde, heldt han foredrag om Johannes Skar og folketradisjonen på eit seminar i Valle i Setesdal med særleg vekt på heimbygda Bygland. Ringen var slutta.
Bø hadde fleire verv. Han var mellom anna styreleiar i Kringkastingsringen 1956–57, og sat i arbeidsutvalet i Noregs Mållag 1957–58. Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1963, formann i Landsnemnda for bunadspørsmål og styremedlem i Det Norske Samlaget, der han vart heidersmedlem i 1983.
Bø mottok NAVFs pris for det populærvitskaplege arbeidet sitt i 1983. I 1988 vart han riddar av første klasse av St. Olavs Orden.
 
Kjelder
Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1974 og seinare utgåver
Bjarte Birkeland ofl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo 1968
Kjell Bondevik: «Olav Bø» i Tradisjon og samfunn. Festskrift til professor Olav Bø. Oslo 1978
Olav Bø: Utsyn over norsk folkedikting. Oslo 1972
Olav Bø: Folketradisjon og kulturarv. Oslo 1988
Inger Christiansen: «Olav Bø. Selektiv bibliografi 1978–1998», i Norveg nr. 2/1998
Det Norske Samlaget 1868–1993. Jubileumskalender Oslo 1993
Velle Espeland: «Olav Bø som folkeminnegranskar», i Norveg nr. 2/1998
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Alf Hellevik ofl.: «Føreord» i Olav Bø: Folketradisjon og kulturarv. Oslo 1988
Knut Kolsrud ofl. (red.): Tradisjon og samfunn. Festskrift til professor Olav Bø 1978 (med fyldig bibliografi 19501977 av Inger Christiansen). Oslo 1978
Ragnar Pedersen: Minnetale over professor Olav Bø. Det Norske Videnskaps-Akademi. Oslo 2001

Først publisert: 20.11.2011
Sist oppdatert: 18.05.2018