Hopp til innhold

Ole Barman

Ole Gregor Liljedahl Barman, dramatikar, sjef for Det Norske Teatret i to sesongar i 1950-åra, med permisjon frå stillinga som lensmann i Bærum.

Ole Barman var fødd 1897 og døydde 1983. Han var lensmann, forfattar, dramatikar og organisasjonsmenneske, og overraskande for mange vart han utnemnd til sjef for Det Norske Teatret i 1951.
Han debuterte i 1918 med teaterstykket Mormonaren. Ein av romanane hans vart dramatisert og oppført både på Det Norske Teatret og i NRK. Men Barman var ikkje noko utprega teatermenneske, han vart tilsett på bakgrunn av at han hadde brei og allsidig organisasjonserfaring. Han hadde sete i styret for Det Norske Teatret, i styret for Den norske Forfatterforening og i styret for Norsk Bokmannslag, og han hadde vore med på å starte opp Norske Dramatikeres Forbund.
Sjefstida hans fall i ei vanskeleg tid. Barman sleit både kunstnarleg og kommersielt, med eit heiderleg unntak i Asbjørns Toms dramatisering av Alf Prøysens Trost i taklampa (1952), som trekte fulle hus i lang tid og representerte ei kjærkomen fornying av Det Norske Teatrets folkekomedietradisjon.
Kjelder
Arkivet til Det Norske Teatret

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 14.06.2017